Rektor Lom ungdomsskule

Rekrutterer
Sted
Lom (By), Oppland
Publisert
11. januar 2017
Frist
17. februar 2017
Bransje
Grunnskoler
Arbeidsfelt
Rektor
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Vil du bli rektor i ein gjestfri og nyskapande nasjonalparkkommune?

Lom ungdomsskule, plassert midt i den idylliske nasjonalparklandsbyen Lom, har 100% ledig rektorstilling frå 01.08.2017.  

Lom kommune er ein attraktiv plass å bu i for alle som er glade i friluftsliv. Dei fleste av landet sine 2000m-toppar ligg i Lom, og meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark ligg i kommunen. Eit kompakt sentrum med mange serveringstilbod, deriblant det landskjente Bakeriet, skapar eit spennande landsbypreg. Om sommaren kryr det av turistar i sentrum.

Lom ungdomsskule er aktiv i skuleutvikling og har i seinare år hatt lesing, matematikk og vurdering for læring som satsingsområde. Elles er hovudfokus eit heilskapleg læringsmiljø, prega av tryggleik og trivsel. Skulen har gode resultat, m.a. ligg elevane på fylkestoppen i å gjennomføre vidaregåande opplæring.

Skulen har 87 elevar. Rektor ved Lom ungdomsskule er også leiar for vaksenopplæringa som for tida har  35 elevar.  Leiarteamet består av 100% rektor, 40% inspektør og 40% leiar for vaksenopplæringa. Rektor er med i administrasjonssjefen si leiargruppe.

Kommunen har ein barneskule og ein ungdomsskule som samarbeider tett for heilskap og samanheng i opplæringsløpet.

Skulen er med i siste pulje av «ungdomstrinn i utvikling», med skriving som tema.

Arbeidsoppgåver:  
• Leie lærings- og utviklingsarbeid
• Systematisk  kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling
• Skape ein kollektivt orientert skule gjennom god personalleiing
• Økonomiansvar
• Personalansvar
• Forvaltningsoppgåver
• Vere ein aktiv deltakar i utvikling av lomsskulen

Kvalifikasjonar: 
• Krav i opplæringslova om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ 
   kompetanse må vere oppfylt
• Erfaring frå ungdomssteget er ein fordel
• Relevant leiarutdanning og leiarerfaring vil bli vektlagt
• God kjennskap til lov- og avtaleverk
• Ynskeleg med erfaring innan økonomi- og personalarbeid

Personlege eigenskapar: 
• Gode leiareigenskapar, med evne til å byggje gode relasjonar og følgje 
   opp resultat
• Evne til samarbeid
• Evne til å arbeide systematisk, langsiktig og har gjennomføringskraft
• Evne til å skape visjonar og gje retning
• Kunne lytte til, samarbeide med, rettleie  og inspirere medarbeidarar
• Fleksibel og løysingsorientert
• Systematisk og strukturert

Vi kan tilby: 
• Spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
• Engasjert og profesjonell arbeidsgjevar med høg grad av skulefagleg støtte
• Gode støttefunksjonar innan personale, økonomi og IT.
• Løn etter avtale
• Godt samarbeidsklima i ein aktiv skuleadministrasjon
• Gode moglegheiter for fagleg utvikling

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med rådgjevar oppvekst Herdis Kvamme Repp, telefon 976 67 744, eller Administrasjonssjef Ola Helstad, telefon 971 61 865

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, og namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.

Det er krav om politiattest.

Les meir på Lom.kommune.no 

Du kommer til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne siden. 
Vennligst referer til Lærerjobb.no i din søknad.

Søknadsfrist: 17.02.17

Flere stillinger som denne