Skule- og kultursjef

Rekrutterer
Sted
Sande I Sunnfjord, Gaular
Publisert
16. februar 2017
Frist
12. mars 2017
Arbeidsfelt
Leder
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Tek du utfordringa og blir vår nye skule- og kultursjef i Gaular kommune?

Då vår noverande skule- og kultursjef sluttar og går over i anna stilling, treng vi nokon som kan overta stillinga innan 01.08.17.

Vi har difor ledig ei spennande, utfordrande og ikkje minst viktig stilling, som vi treng nettopp deg i. Stillinga er fast og du har eit overordna administrativt og fagleg ansvar for skule, barnehage og kultursektoren.

Kommunen er i utvikling og du får vere med å påverke og leie det samla tenestetilbodet innan barnehage, skule, kultur, bibliotek og vaksenopplæring. Du er rådmannen sin representant i ulike fora innanfor sektoren og PPT er organisert gjennom ei interkommunal teneste med Førde som vertskommune.

Du har stor handlefridom til å leia og utvikle skule, barnehage og kultursektoren fram mot ny storkommune i 2020 og vil også ha ei viktig rolle med å leggje til rette for ein god, ny kommune på ditt felt. Vi har gode skuletilbod og barnehagetilbod med tre barnehagar og skular på Sande, Bygstad og Viksdalen. I tillegg har vi vaksenopplæring som er lokalisert på Skilbrei. Vi leverer gode tenester i dag og har ambisjonar om å gjere det også i framtida, og der er du ein nøkkelperson.

Skule- og kultursjefen er direkte underlagt rådmannen og inngår i leiargruppa. Det kan verte endringar på den administrative organiseringa i kommunen.

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
• Skule- og kultursjefen har eit overordna administrativt og skulefagleg 
  ansvar for sektoren. I dette ligg det eit særleg ansvar for planlegging og 
  utvikling av tenesteområda med tanke på vidareutvikling av 
  oppvekstmiljøet for born og unge i Gaular kommune.
• Fagleg og administrativt ansvar for at etaten sine oppgåver vert løyste i 
   samsvar med gjeldande lover, føresegner, politiske vedtak og budsjett.
• Ansvaret for alle saker som etaten skal leggje fram til politisk handsaming.
• Skal styre dei faglege og økonomiske ressursane innafor gjeldande 
  budsjettramme.

Kvalifikasjonar for stillinga:
• Du har relevant utdanning frå universitet og/eller høgskule, leiarerfaring, 
   innsikt og interesse for økonomistyring og sakshandsaming.
• Du kan vise til gode resultat frå liknande oppgåver i offentlege og/eller 
   private organisasjonar.
• Pedagogisk utdanning er eit føremon.
• Inngåande kjennskap til oppvekstsektoren.
• Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar og ha god 
  forståing for leiarrolla på alle nivå.
• Det vil bli lagt vekt på at du er utviklings- og resultatorientert, flink til å 
   kommunisere og har evne til å inspirere kompetente medarbeidarar.

Vi ynskjer ein medarbeidar som er:
• Postiv, utviklingsorientert og engasjert
• Fleksibel og serviceinnstilt
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og god på relasjonar
• Personlege kvalifikasjonar vil verte lagt vekt på

Vi kan tilby:
• Utfordrande, spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit svært godt 
   arbeidsmiljø.
• Stort sjølvstendig handlingsrom
• Gode pensjons- og forsikringsordningar.
• Konkurransedyktig løn etter avtale.
• Kommunen er hjelpsam med husvære og dekkjer flytteutgifter etter nærare 
   avtale

Høyres dette interessant ut? Søk då vel! Lat ikkje sjansen gå frå deg!

Kontaktpersonar:
For nærare opplysningar - ta kontakt med
rådmann Atle Fasteland 995 64 610/ atle.fasteland@gaular.kommune.no eller
kontor- og personalsjef Dag Ripe 97 05 41 19/dag.ripe@gaular.kommune.no

Fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema finn du på vårt digitale søknadssenter:
gaular.kommune.no

Oppgje sak nr. 17/662.

Du kommer til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne siden.
Vennligst referer til Lærerjobb.no i din søknad.

Søknadsfrist: 12. mars 2017