Ledig stilling:

Barne- og ungdomsformidlar - Nynorsk kultursentrum

Søknadsfrist: 15.11.2021

Ledig stilling som barne- og ungdomsformidlar - Nynorsk kultursentrum

Vi søkjer etter ein barne- og ungdomsformidlar som kan utvikle og gjennomføre nasjonale formidlingstiltak på ulike arenaer og digitalt. Du vil få fagansvar for å styrkje formidlinga vår til barn og ungdom nasjonalt, utvikle og administrere produksjonar til Den kulturelle skulesekken og vidareutvikle formidlingsfiguren vår Lurivar.

Den vi søkjer er interessert i språk og litteratur og har god oversikt på feltet. Du må ha høgare utdanning og erfaring frå formidling eller undervising.

Fakta om stillingen:

Søknadsfrist: 15.11.2021

Arbeidsgiver: Nynorsk Kultursentrum

Sted: Vinje

Stillingstittel: Barne- og ungdomsformidlar

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å utvikle fysisk og digitalt innhald til barn og ungdom, skrive tekstar til målgruppa, gjere avtalar med og vere kontaktperson for forfattarar og utøvarar til produksjonar i Den kulturelle skulesekken, og drive praktisk planlegging av turnéverksemd. Du bidreg også med råd om utvikling av barne- og ungdomsinnhald til nasjonale turnear, arrangement på arenaene våre og utstillingar. Du samarbeider med kollegaer frå alle arenaene våre, og oppdaterer nettsider og i sosiale medium for dine fagfelt.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje i Telemark.

Den som blir tilsett, må rekne med nokre reiser og noko helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Stillinga er ledig frå 1. januar 2022. Kontorstaden er ved Vinjesenteret i Vinje kommune. Stillinga er fast og 100 %.

Grip sjansen! Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument
seinast 15. november 2021 til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.

Har du spørsmål om stillinga? Kontakt avdelingsleiar Tone Slenes: tlf. 915 18 822.

Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Dersom du ønskjer at søknaden din blir unnateken offentlegheit, kan du søkje om dette. Legg ved grunngivinga i e-posten som følgjer med søknaden på stillinga.

Stillinga ligg også ute på våre eigne sider:
https://www.nynorsk.no/ledig-stilling-som-barne-og-ungdomsformidlar/

Søknadsfrist: 15. november 2021

Powered by Labrador CMS