Ledig stilling:

Er du vår nye styrar?

Søknadsfrist: 26.05.2022

Ledig stilling i Åfarnes barnehage

Er du vår nye styrar?

Stillingstype
Vi søker etter ein styrar med leiarerfaring som har evne til å inspirere og motivere sine medarbeidarar og kan være pådrivar i utviklingsarbeid. Som styrar ved Åfarnes barnehage, vil du ha 50 % styrarressurs og 50 % ressurs som pedagogisk leiar. Stillinga er organisert under Barnehagesjefen i Rauma kommune.

Arbeidsplassen
Våre kommunale barnehager består av Åfarnes barnehage, Eidsbygda barnehage, Leiktun barnehage i Isfjorden, Myra barnehage på Åndalsnes samt Måndalen barnehage. https://historier.rauma.kommune.no/barnehagestyrer-afarnes

Åfarnes barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage, med barn i alderen 1 til 6 år. Barnehagen har 1-2 avdelingar. Det er eit utvida samarbeid mellom avdelingane. Barnehagen ligg tett ved Åfarnes skole, kort veg til fotballbane, løpebane og gapahuk. Uteområdet er variert, med ulike leikeapparat og med naturleg kuppert terreng. Barnehagen har skogen som næraste nabo, og rik tilgang på allsidige turmål både i skog og fjøre. Barnehagen har vore i drift sidan 1992. Hausten 2022 er det omlag 17 barn i barnehagen. Barnegruppa er fordelt på heiltids- og deltidsplassar.

Fakta om stillinga:

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist: 26.05.2022

Arbeidsgivar: Rauma kommune

Sted: Rauma

Stillingstittel: Styrar

Heltid / Deltid: Heltid

Tilsetjingsform: Fast

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for eige fullmaktsområde, som budsjett-, personal- og resultatansvar, og sørge for optimal utnytting av ressursar i samsvar med mål og forventningar
  • Ansvar for at barnehagen driv fagleg forsvarlig innafor dei tildelte økonomiske rammene
  • Dagleg drift, fagleg ansvar og utvikling av barnehagen som ein profesjonell organisasjon med eit systematisk og målretta arbeid for eit trygt og godt barnehagemiljø
  • Utfordre og støtte medarbeidarane til det beste for barnas utvikling og læring
  • Ansvar for samarbeid med foresatte og eksterne
  • Bidra til godt samarbeid på tvers i barnehageområdet og med andre tenester

Kvalifikasjonar

  • Krav om utdanning som barnehagelærar eller anna utdanning med barnefagleg og pedagogisk kompetanse
  • Krav om gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Ønskeleg med styrarutdanning eller anna leiarutdanning
  • God digital kompetanse

Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Tenker heilheitleg
  • Motiverande og inspirerande
  • Gode samarbeidsevne
  • Opptatt av relasjoner og tillit
  • Innovativ og kreativ

Vi tilbyr

  • En liten og oversiktleg nærmiljøbarnehage
  • Stabilt personale
  • Leiarnettverk (kommunale og private barnehagar)
  • Offentleg tenestepensjonsordning
  • IA-bedrift

Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter Hovedtariffavtalen.

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jf. mf. Barnehageloven § 30, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.

Kontaktperson
Barnehagesjef Hilde Kavli Ree, mobil 480 92 435,
e-post: Barnehagesjef Hilde Kavli Ree

Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: https://www.rauma.kommune.no/om-kommunen/ledige-stillinger/sokerveiledning/ eller personal@rauma.kommune.no. Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.

Søknadsfrist: 26. mai 2022

Arbeidsgivar: Rauma kommune

Velkommen til verdas beste kommune for naturglade menneske! Hos oss kan du både ha ein givande jobb og ei aktiv fritid. Du har kort veg til naturopplevingar uansett kvar du oppheld deg i kommunen. Kommunesenteret Åndalsnes ligg innan 1-2 timars køyretur til Molde og Ålesund lufthamn, og Raumabanen gjer at du kan reise miljøvenleg med tog til Rauma. Kommunen har eit bredt og framoverlent næringsliv og satsar aktivt på turisme og gode opplevingar for alle. Kjende turistmål som Trollstigen, Romsdalseggen, Rampestreken og Romsdalsgondolen finn du her, og vi har eit spanande og variert kulturliv med Rauma kulturhus som motor. Norsk fjellfestival, Trollveggen Triathlon og Rauma Rock er tre av folkefestane som skaper liv og røre. Velkommen til naturgledekommunen Rauma!

Powered by Labrador CMS