Ledig stilling:

Drøymer du om å bli rektor i ei vakker fjellbygd?

Søknadsfrist: 05.04.2021

Fjellgardane skule på Hovden og Bykle barne- og ungdomskule i Bykle

Vi søker etter 2 rektorar, ein til Fjellgardane skule og ein til Bykle barne- og ungdomskule

Fjellgardane skule ligg på Hovden i Setesdal og er ein 1-7 skule og har om lag 50 elevar. Bykle barne- og ungdom skule ligg i flotte omgivnader i Bykle kyrkjebygd i Setesdal, og er ein 1 - 10 skule og har omlag 60 elevar. Bykle kommune har gode skular og ønskjer oss rektorar som kan vere med å gjere sitt til at vi blir endå betre. Skulane er godt utstyrte, inkludert svært gode digitale verktøy, for både lærarar og elevar. Det er gode uteområde med mulegheit for uteundervisning. Skuleutvikling og gode læringsmiljø er viktige for oss. Rektor skal vera ein fagperson med pedagogisk utdanning som har jobba mykje med og i skule. Me ser etter deg som er engasjert og har kompetanse om læring, samarbeid og utvikling. Den som blir tilsett må ha gode samarbeidsevner og innsikt i administrative oppgåver som økonomi, personaloppfølging og lovverk.

Fakta om stillingen:

Søknadsfrist: 05.04.2021

Arbeidsgivar: Bykle kommune

Sted: Bykle

Stillingstittel: Rektor

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast

Arbeidsoppgåver

  • Fag-, økonomi og personalansvar
  • Samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • Motivere tilsette og elevar til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Vere ein pådrivar og leie utviklingsarbeidet på skulen
  • Følje opp dei avtalane og satsingsområda skulane har
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning/lærarutdanning
  • Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring
  • Ha god innsikt i det faglege og pedagogiske arbeidet
  • Leiarerfaring er ein fordel
  • Søkjarane må ha god norskkunnskap skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Målretta, beslutningsdyktig og resultatorientert
  • Evne til å engasjere og motivere med fokus på gode prosessar og involvering av medarbeidarar
  • God fagkompetanse og legitimitet
  • Evne å vere tydeleg, demokratisk, sjølvstendig, trygg og modig.
  • Positiv og fleksibel

Det blir ved tilsetting lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å samarbeide

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Bedriftsleilighet i Kristiansand

Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.

Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar.

Adresse: Sarvsvegen 14, 4754 Bykle, Norge

Kontaktinformasjon

Helene Nilsen, Kst. personalsjef
Telefon: 48 89 00 50
E-post: helene.nilsen@bykle.kommune.no

Karina Sloth Grindland, Kommunedirektør
Telefon: 48 00 80 06
E-post: karina.sloth.grindland@bykle.kommune.no

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.

Søknadsfrist: 05.04.2021

Arbeidsgivar: Bykle kommune

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.

Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette.

Powered by Labrador CMS