Ledig stilling:

Ledig rektorstilling/dagleg leiar

Søknadsfrist: 31.01.2021

Ledig rektorstilling/dagleg leiar

100% stilling ledig skuleåret 2021-22, med moglegheit for forlenging og fast tilsetting. Noverande rektor vil endre stillingstittel ved skulen. Ho er open for ei løysing med overlapping i det inneverande skuleåret, om det er eit ønske å tiltre i stillinga tidlegare.

Midsund Montessoriskule er ein skule for elevar frå 1.-7. klassetrinn, som starta opp i 2009. VI er godkjent for 60 elevar. Elevtalet har dei siste åra ligge mellom 30 og 40 elevar. Skulen har god dekking av engasjerte lærarar og assistentar med montessorikompetanse. Vi ønsker ein positiv og engasjert dagleg leiar, som er motivert for å jobbe i eit montessorimiljø, og har fokus på vidareutvikling av den flotte skulen som vi er i ferd med å bygge opp!

Fakta om stillingen

Søknadsfrist: 31.01.2021

Arbeidsgiver:
Midsund Montesorriskule
Sted: Midsund

Stillingstittel: Rektor / Dagleg leiar

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast

Ønska kvalifikasjonar:
• Leiarkompetanse—og eigenskap
• Gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeidsevne
• God fagleg kompetanse på budsjett og økonomi
• Fordel med god IKT-kunnskap
• Erfaring frå arbeid i skule (gjerne utdanna lærar / rektor, eller erfaring frå montessori-skule)

Personlege eigenskapar:
• Evne til å bygge gode relasjonar til både elevar, føresette og tilsette
• Fagleg engasjert i montessoripedagogikk, samt evne til å leie vidare arbeid med å ut-vikle skulen i forhold til nye utvikling- og læringsmål, montessoriprinsippa, og i sam-svar med ny læreplan.
• Fleksibel, organisert og evne til å multitaske.

Lønn etter avtale, og i samsvar med tariff.
Ved tilsetting må ein vise gyldig politiattest.

Søknadsfrist: 31.01.2021. Legg ved minst 2 referansar!
Søknaden sendast til: post@midsundmontessori.no

Midsund er eit lite øysamfunn som i januar 2020 blei ein del av Molde kommune. Her bur ca. 2000 innbyggarar. Er du glad i fjell og sjø, så er dette plassen for deg! Her er du omgitt av vakker natur, og gode moglegheiter for friluftsliv og ulike idrettar! Vi har også ein aktiv kulturskule. Du kan sjå meir om skulen og kommunen på facebook og våre nettsider. Du kan sjå https://portalmidsund.no/ for meir info om vårt vakre øysamfunn på Romsdalskysten.

For meir info. : Ta kontakt!
Midsund Montessoriskule: 712 79 965
Rektor; Lillian Blø Rakvåg: 911 90 197
Mail: post@midsundmontessori.no

Hjemmeside

Powered by Labrador CMS