Ledig stilling:

Førsteamanuensis/førstelektor/
høgskulelektor i digital kompetanse

Søknadsfrist: 01.09.2022

Høgskulen i Volda

Fast stilling digital kompetanse 2022.

Brenn du for barn og unge si læring i teknologirike klasserom? Er du oppteken av skapande prosessar i og på tvers av fag? Om du likar å lære og dele lærdom om digital kompetanse med lærarar og lærarstudentar, då er dette stillinga for deg.

Fakta om stillinga:

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist: 01.09.2022

Arbeidsgivar: Høgskulen i Volda

Sted: Volda

Stillingstittel: Førsteamanuensis/
førstelektor/høgskulelektor

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast

Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i digital kompetanse

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i digital kompetanse frå 1.1.2023. Spesifiser ønska stillingsprosent i søknad.

Stillinga er knytt til Institutt for digital kompetanse der 7 tilsette mellom anna underviser i nettstudium i digital kompetanse, i grunnskulelærarutdanninga samt har stor aktivitet knytt til desentralisert kompetanseutvikling i regionen(DEKOMP/REKOMP). Instituttet får også etterutdanningsoppdrag og vi forskar på og driv interne høgskulepedagogiske tilbod knytt til digital kompetanse.

Kvalifikasjonar

Søkjar må dokumentere kompetanse i og erfaring frå undervisning om eller i teknologirike omgjevnadar. Søkjar kan ha bakgrunn frå skule, barnehage eller høgare utdanning.

I tillegg må du dokumentere skule- eller barnehagerelevant erfaring på eitt eller fleire av desse områda: - Utvikling, gjennomføring og leiing av undervisningstilbod i høgare utdanning (lågare grad).

- Forsking på digital kompetanse.

- Tilpassa opplæring med digitale ressursar

- Klasseroms- eller pedagogisk leiing

- Skule- eller barnehageleiing

- Spel

- Maskinlæring / kunstig intelligens

- Skaparverkstad

- Programmering

- Medieproduksjon

- Digital didaktikk / e-læring / nettlæring

- Andre digitale verktøy, metodar eller ressursar.

Tilsetjing som førsteamanuensis, førstelektor eller høgskulelektor vil skje i tråd med Forskrift om ansettelse og opprykk. Aktuelle fagområde for alle stillingskategoriar er pedagogisk informasjonsvitskap, pedagogikk, digital kompetanse eller andre relevante fagområde.

Som person er du

- sjølvstendig og utviklingsorientert, men likar å jobbe i team.

- interessert i og trivast med å jobbe tett med studentar og kollegaer i rettleiing og undervisning, både i klasserommet, nettstøtta og nettbasert.

- interessert i og sjølvgåande i å sette deg inn i ny teknologi og løysingar innan digitale medium, pedagogikk og didaktikk.

Personlege kvalifikasjonar vert vektlagde. Evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, god munnleg og skriftleg formidlingsevne, og at du er trygg framfor både store forsamlingar og mindre grupper vil bli vektlagt.

Kvalifiseringsstilling:

Dersom det ikkje melder seg søkar som innfrir krava til tilsetjing som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor, vil det vere aktuelt å tilsetje mellombels i kvalifiseringsstilling.

Søkaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Dagleg arbeidsstad er høgskulen i Volda, med høve til å avtale heimekontor i periodar/delar av arbeidstida.

Aktuelle søkarar kan bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Tilsetjing vil skje i tråd med dei faglege behova ved instituttet/seksjonen.

Ved vurdering av søkarane nyttar ein forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Ved tilsetjing i stilling som førsteamanuensis er det krav om at ein må ha pedagogisk basiskompetanse. Søkarane vil ikkje bli rangert på bakgrunn av denne kompetansen. Dersom ein ikkje har kompetansen, vil ein bli tilsett med vilkår om å opparbeide seg denne innan 2 år. Arbeidsgivar vil legge til rette for at dette vert mogeleg. For meir informasjon om kva som ligg i kravet til pedagogisk kompetanse, sjå HVO sine eigne retningslinjer.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.

Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

- Vitnemål og attestar, samla i ei fil

- CV

- Masteroppgåve

- Doktorgradsarbeid om ein søker på stilling som førsteamanuensis

- Andre vitskapelege arbeid

Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane vert vurderte av eit sakkunnig utval.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte instituttleiar Torbjørn Frantsen,
tlf.: 70075369 / 90747333 / tof@hivolda.no .

Om avdelinga

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med årleg om lag 2400 studentar og 160 tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet innan etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme i høve å gje slike tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet innan forsking og utviklingsarbeid. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er ein del av avdelinga.

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no
Volda - verdas beste studiebygd !
Se den på YouTube

Du kommer til elektronisk søknad ved å trykke her.

Søknadsfrist: 01. september 2022

Arbeidsgivar: Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Powered by Labrador CMS