Spesialpedagog Sogn PPT

Rekrutterer
Sogndal kommune
Sted
Sogndal (By), Sogn og Fjordane
Publisert
13. november 2018
Frist
25. november 2018
Jobbtype
Fast, Vikariat
Arbeidstid
Heltid

Sogn PPT har to ledige stillingar som spesialpedagog

Kontoret yter tenester til dei vidaregåande skulane i Sogndal, Balestrand og Aurland, til grunnskular og barnehagar i Sogndal, Vik, Aurland, Leikanger og Luster kommune.
Vi har tverretatleg samarbeid med kommunale og fylkeskommunale instansar.
Kontoret har 16 tilsette med kontorstad i Sogndal.

Det er ledig to stillingar som spesialpedagog ved Sogn PPT:
- 100% fast stilling frå  01.01.2019,  eller etter nærare avtale.
- 100% vikariat i tida 01.01.2019 – 30.06.2020, med høve til forlenging.

Stillinga har følgjande hovudarbeidsområde:
- testing og kartlegging
- rettleiing og rådgjeving
- sakkunnig vurdering
- delta i ulike fora i barnehagar og skular
- delta i tverrfagleg samarbeid og systemretta arbeid

Vi stiller krav om:
- hovudfag eller master i spesialpedagogikk eller logopedi
- eventuelt andre avdeling logopedi, samansette lærevanskar eller  
   sosial/emosjonelle vanskar
- førarkort og bil til disposisjon
- politiattest

Vi ynskjer søkjarar med erfaring:
- som lærar i grunnskule/vidaregåande skule
- frå arbeid i PP-tenesta

Vi kan tilby:
- løn etter avtale
- fleksibel arbeidstid
- kompetanseheving
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- tilbod om trening for tilsette

 

Fullstendig utlysingstekst og søknadsskjema for stillingane finn du på nettsida: www.sogndal.kommune.no og via vår facebookside.

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne sida.
Ver vennleg referer til lærerjobb.no i din søknad.

Søknadsfrist: 25.11.2018.