Undervisningsstillingar

Rekrutterer
Radøy kommune
Sted
Radøy kommune
Publisert
19. februar 2019
Frist
24. mars 2019
Bransje
Grunnskoler
Jobbtype
Fast, Vikariat
Arbeidstid
Deltid, Heltid

 Alvær                                                                                  
                                                    


Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune. Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og ope hav til høge fjellområde. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. Regionsenteret Knarvik ligg om lag 30 minutt med bil frå Bergen sentrum, og har god kollektivdekning med både buss og båt.

For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene våre, treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag.


Undervisningsstillingar 2019/2020


Kort om stillinga
Frå 01.08.19 treng vi fleire lærarar ved skulane våre, både i heile stillingar og i timelærarstillingar. Det blir tilsetjing i
både faste stillingar og i vikariat.


Om arbeidsstaden
Vi har 4 barneskular og 1 ungdomsskule som er spreidd rundt om i kommunen. Frå 01.01.2020 vert vi ein del av Alver kommune og alle skulane i den nye kommunen vert samla i felles oppvekstsektor.
Dersom du har undervisningskompetanse i grunnskulen, og vil jobbe i eit engasjert og kvalitetsbevisst fagmiljø ved ein av skulane våre, ønskjer vi å høyre frå deg. Gå i såfall inn på heimesida vår og du vil finna fullstendig lysing, opplysnigar om skulane, organisasjonen og kommunen vår. Du vil vidare kunna fylla ut og levera søknad på digitalt.

Kompetanse
Viser til opplæringslova § 10-1 som omhandlar kompetansekrava i grunnskulen. Detaljerte krav er fastsett i kapittel 14 i forskrift til opplæringslova. For å undervise i norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet krevst det at du har har minst 30 studiepoeng som er
relevante for faget. For å undervise i norsk, matematikk eller engelsk på ungdomstrinnet krevst det at du har minst 60 studiepoeng som er
relevante for faget. For å undervise i andre fag på ungdomstrinnet
krevst det at du har minst 30 studiepoeng som er relevante for faget. Dette gjeld ikkje for valfaga, utdanningsval og arbeidslivsfag.

Ved utfylling av CV bed vi deg om å fylle inn undervisningskompetansen din under undervisningsfag, slik at vi får best
mogeleg oversikt over din fagkompetanse. Du vil under utfylling av søknad få høve til å krysse av kva skular du er mest
interessert i å arbeide ved.

Me søkjer
Radøy ungdomsskule:
Kontaktlærar 100 % stilling med 60 st.p. i engelsk
Kontaktlærar 100 % stilling med 60 st.p. i norsk, engelsk eller matematikk
Spesialpedagog 50 % stilling opp mot ein spesialelev

Manger skule:
Lærarar med spesialpedagogikk

Vi ser etter lærare som:
- er tydlege klasseleiarar som skaper gode relasjonar,
   etablerer gode læringskulturar og får gode læringsresultat
- samarbeider godt med barn og vaksne
- er løysingsorientert
- har god arbeidskapasitet

...og ikkje minst brenn for læraryrket!

Vi kan tilby
- eit godt, utviklande og inkluderande arbeidsmiljø
- lønn- og tilsetjingvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Politiattest
I tråd med opplæringslova vert det krav om politiattest ved tiltrede.

Du kan sende søknad slik
Send søknad elektronisk via Visma rekruttering. Bruk portalen på www.radoy.kommune.no under ledige stillingar.
Attestar og vitnemål kan du laste opp til søknaden eller du tar dei med til eit eventuelt jobbintervju.
Ta kontakt med sørvistorget tlf 56 34 90 00 viss problem med å registrere deg som søkar.

Kontakter
Trine Merete Jansen, e-post: trinemerete.jansen@radoy.kommune.no ,
mobil 977 78 017, telefon arbeid 56349810

Inger Morken Ellingsen, e-post: inger.morken.ellingsen@radoy.kommune.no ,
mobil 97668332, telefon arbeid 56349034

Olaf Michal Hella, e-post: olaf.michal.hella@radoy.kommune.no ,

Alexander Kjesæth, e-post: alexander.kjesaeth@radoy.kommune.no ,
mobil 928 89 433, telefon arbeid 56349105

Ståle Villanger, e-post: stale.villanger@radoy.kommune.no ,
mobil, 992 74 447

Vigdis Villanger, e-post: vigdis.villanger@radoy.kommune.no 


Hjemmeside 

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne sida.
Ver vennleg referer til Lærerjobb.no i din søknad.

Søknadsfrist: 24.03. 2019