Rådgjevarar - NTNU Læringssenteret

Sted
Trondheim (By), Sør-Trøndelag
Publisert
27. februar 2019
Frist
18. mars 2019
Arbeidsfelt
Lærer, Pedagog, Rådgiver
Jobbtype
Engasjement, Fast
Arbeidstid
Heltid


På NTNU jobber 7 000 ansatte og 40 000 studenter med å skape kunnskap for en bedre verden.
NTNU søker engasjerte medarbeidere.
 

Om stillingen
Avdeling for utdanningskvalitet utlyser 2 faste og 2 midlertidige 100 % stillingar som rådgjevar ved Læringssenteret. Dei midlertidige stilligane har varighet på to år. Arbeidsstad er i Trondheim.

Læringssenteret er etablert som ei eining som arbeider med utvikling, koordinering og strategi rundt læringsstøtte i brytningsfeltet mellom teknologi og pedagogikk. Rådgjevarane skal bidra til høg faglig kvalitet i eininga si verkssemd og til vidare utvikling av einig si portefølje.
Meir informasjon om Avdeling for utdanningskvalitet: http://www.ntnu.no/adm/uk
Meir informasjon om Læringssenteret: http://www.ntnu.no/lss

Arbeidsoppgåver
• Bidra med opplæring, rådgiving og vegleiing for NTNU sine tilsette
   og studentar på bruk av digitale verktøy og tenester i 
   undervisningssamanheng
• Samarbeid med interne støtteeiningar, administrative kontaktar og
   NTNU sine fagmiljø
• Delta i Læringssenterets oppfølging av utviklingsprosjekt og
   strategiske satsingar
• Legge til rette og vere pådrivar for erfaringsdeling, nettverksarbeid
   og møteplassar
• Utreie og rådgje på anskaffing, forsvarlig forvaltning og bruk av
   NTNU sine  digitale system og tenester

Kvalifikasjonskrav
• Det krevjast relevant utdanning på minimum bachelornivå.
   Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av
   utdanningskravet
• Forståing for læringsprosessar og innsikt i korleis ny teknologi kan
   bidra til å fremme læring, gjerne gjennom eigen
   undervisningserfaring
• Du må ha kjennskap til læringsteknologi, samt evne å sette deg
   inn i nye IT-system
• Erfaring frå prosjektdeltaking og/eller prosjektleiing
• God munnleg og skriftleg førestellingsevne på norsk og engelsk

Ønskja kvalifikasjonar
• Kjennskap til eller erfaring frå UH-sektoren
• Erfaring frå strategisk prosjektarbeid
• Erfaring med planlegging og gjennomføring av arrangement

Personlege eigenskaper
• Evne til å ta initiativ og tenke analytisk
• Systematisk og løysningsorientert
• Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr
• Spannande oppgåver innan eit område i utvikling
• Opent og inkluderende arbeidsmiljø med engasjerte kolleger
• Gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
• Ansattegoder og fordelar

Lønn og vilkår
Stillinga som rådgjevar kode 1434 lønnas normalt frå brutto
kr 505 800 – 576 100 pr. år avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar.
Frå lønna trekkas 2 % lovfestet innskot til Statens Pensjonskasse.

Tilsettinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten, og etter tilsettinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.

Generell informasjon

Jobbe ved NTNU

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Jamfør Offentleglova kan opplysningar om søkaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista.

Spørsmål om stillinga kan rettas til leiar for Læringssenteret
Silje Belsvik Taftø, på tlf.: 95836389 eller
e-post: silje.b.tafto@ntnu.no 

Søknad med CV, vitnemål og attester sendas elektronisk via Jobbnorge.no. Søkarar som inviterast til intervju må ta med stadfesta kopiar av attester og vitnemål. Søknaden merkas med referansenummer: NTNU-nr 17/19

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne sida.

Søknadsfrist: 18.03.2019