Høgskulelærar/høgskulelektor innan digital kompetanse i læring

Sted
Volda (By), Møre og Romsdal
Publisert
7. mars 2019
Frist
22. mars 2019
Jobbtype
Engasjement
Arbeidstid
Heltid

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Er du ein lærar som brenn for å jobbe kreativt og kritisk med bruk av digitale ressursar og har undervisningserfaring frå barne- eller ungdomstrinnet?


Høgskulelærar/høgskulelektor innan digital kompetanse i læring –
st. nr. 13/2019

 

Om stillingane
Ved Høgskulen i Volda, i digital kompetanse-miljøet ved Avdeling for mediefag, er det ledig engasjement i inntil 3 stillingar som høgskulelærar/høgskulelektor innan digital kompetanse i læring i perioden 1.8.2019 til og med 31.7.2020. Det kan bli aktuelt med forlenging av stillingane ut over tilsettingsperioden. Opplys om ønska stillingsprosent i søknaden. Dersom søkjar berre dekker deler av kompetanseområda, kan det verte aktuelt å tilsetje fleire i delstillingar.

Kvalifikasjonar
Søkjarar må ha relevant fagleg og pedagogisk utdanning og praktisk undervisningserfaring frå skulen. Omfattande undervisningspraksis kan vege opp for manglande formell utdanning på kompetanseområda.

Vi ser etter deg som:
Har erfaring med praktisk og pedagogisk bruk av digitale medium i undervisning. Kan undervise praktisk og teoretisk i fagfeltet digital kompetanse for lærarar og elevar. Har kompetanse innan eit eller fleire av desse områda:

• Begynneropplæring med digitale medium, nettbrett, app-ar og spel
• Tilpassa opplæring med digitale ressursar
• Bruk av programmering og skaparverkstad i skulen
• Utvikling av nye metodar og undervisning med digitale ressursar
• Leiing av digitale utviklingsprosessar

Du er:
Sjølvstendig og utviklingsorientert, men likar å jobbe i team. Interessert i og trivst med å jobbe tett med studentar og kollegaer i rettleiing og undervisning, både i klasserommet, nettstøtta og nettbasert. Interessert i å sette deg inn i ny teknologi og løysingar innan digitale medium, pedagogikk og didaktikk.

Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Arbeidsfelt
Stillingane er knytt til fleire spanande utviklingsprosjekt. Vi er eit stadig veksande team som utviklar og driv tilbod innan digital kompetanse frå overgang barnehage-skule til og med høgare utdanning. Vi samarbeider tett med Ulstein, Ørsta og Volda kommune, der alle lærarane i kommunen får tilbod om vidareutdanning knytt til digital kompetanse og teknologibruk i fag, og frå 2019 vil vi også utvikle tilbod for Ålesundsregionen. Programmering, tilpassa opplæring og profesjonsfagleg digital kompetanse i Fagfornyinga er satsingsområde både her og i nettstudium vi tilbyr som vidareutdanning for lærarar. Saman med grunnskulelærarutdanningane gjere vi ei stor satsing på profesjonsfagleg digital kompetanse i prosjektet DigiGLU, og vi utviklar også spesifikke tilbod for yrkesfaglege studieretningar i vgs, og innan digital didaktikk for høgare utdanning. Miljøet driv utviklings- og forskingsarbeid knytt til alle desse satsingane.

Stillingane skal dekke undervisning, fagleg utviklingsarbeid og fagadministrasjon innanfor dei ulike prosjekta, samt innan ordinære tilbod i digital kompetanse og mediepedagogikk ved HVO. Digital kompetanse er i aukande grad ein viktig skulefagleg kompetanse, og miljøet får difor stadig fleire oppgåver.

Vi tilbyr
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Høgskulelektor 1008 frå kr 480 600 – 619 300/
høgskulelærar 1007 frå kr 456 900 – 597 400.

Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkarliste. Søkarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet  på søkaren skal offentleggjerast. Søkaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- fullstendig publikasjonslise over alle vitskapelege arbeid
- eventuelle vitskapelege arbeid, inkludert master-/hovudfagsoppgåve
- eventuelle relevante arbeidsprøver / dokumentasjon på relevant undervisningspraksis.

Dersom det er tvil om søkjarane kvalifiserer til stilling som høgskulelektor, vert søkjarane sine kvalifikasjonar vurderte av eit sakkunnig utval. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga og søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.

Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til koordinator for digital kompetanse ved AMF, Synnøve H. Amdam, tlf. 70 07 50 07/970 70 974, epost: sha@hivolda.no eller dekan ved AMF, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Det beste med Volda
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne sida.
Ver vennleg referer til Lærerjobb.no i søknaden..

Søknadsfrist: 22. mars 2019.