Einingsleiar skule

4 dager igjen

Rekrutterer
Nissedal kommune
Sted
Nissedal (By), Telemark
Publisert
12. mars 2019
Frist
31. mars 2019
Arbeidsfelt
Leder, Lærer, Pedagog, Rektor
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Nissedal kommune dekker eit areal på 908 km² og har 1485 innbyggjarar. Nisser, ein av dei største innsjøane i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn. Nissedal har fått namnet sitt frå Nisser, som truleg kjem av gamalnorsk «Nidrsær», som tyder «Den nedre sjøen». Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.

I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane. Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter. Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.

Vi har ledig ei spennande 100% stilling som einingsleiar for skule - ID 509

Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10) og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7). Skulane er organisert med kvar sin rektor. Einingsleiar rapporterer til rådmannen og er i rådmannen si leiargruppe. Einingsleiar er kommunen sin skulefagleg ansvarlege og skal vere ein pådrivar i det pedagogiske utviklingsarbeidet i skulane i kommunen. Vi søkjer etter ein samlande og utviklingsorientert leiar som er i stand til å vidareutvikle eininga til beste for elevane, tilsette og lokalsamfunnet!

Ansvarsområdet til einingsleiar kan på eit seinare tidspunkt bli utvida. 

Arbeidsområde
• Økonomi-, personal- og fagansvar for eininga
• Næraste overordna for rektorane og vaksenopplæringa
• Skuleeigaroppgåver
• Sakshandsaming til politisk nivå innan eininga sitt ansvarsområde
• Kommunalt tilsyn med barnehagane som barnehagemynde
• Aktivt arbeid for eit godt tverrfagleg arbeid i kommunen

 Kvalifikasjonskrav/-ønskjer
• Godkjent utdanning etter krav til skulefagleg ansvarleg i
   opplæringslova
• Skuleleiarutdanning/rektorutdanning
• Erfaring frå undervising i grunnskulen
• Leiarerfaring
• Leiareigenskapar og god på relasjonskompetanse
• Bruke nynorsk som skriftspråk
• Personlege eigenskapar/eignaheit vil bli vektlagt

 Om deg
• Du har store forventingar til deg sjølv og dei du skal leie
• Du bidrar til at det blir stilt høge forventingar til elevane,
   slik at alle får nytta sitt fulle læringspotensial
• Du er sjølvstendig, målretta og strukturert
• Du tek ansvar og set deg inn i nye fagområde
• Du er positiv, engasjert, fleksibel og har godt humør og evne
   til å inspirere andre.
• Du kjenner deg heime i Nissedal kommune sine levereglar
   som seier at  me skal vere:
•  Rause
•  Tydelege
•  Opne og ærlege
•  Oppgåveorienterte
•  Imøtekomande og blide
•  Stolte av arbeidsplassen og arbeidet vi utfører
•  Samarbeidsviljuge og syne kvarandre respekt og omtanke

 Vi kan tilby
• Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sine 
   reglement
• Hjelp til å skaffe bustad
• Flyttegodtgjersle etter eige regulativ


Nærare opplysningar ved rådmann Sverre Sæter,
telefon 35 04 84 02/ 993 40 862.

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne sida.
Ver vennleg referer til Lærerjobb.no i din søknad

Søknadsfrist: 31.03.2019