Spesialpedagog til NAV Arbeidsrådgivning Vestland

Rekrutterer
Nav
Sted
Førde (By), Sogn og Fjordane
Publisert
12. april 2019
Frist
30. april 2019
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver

Vi ynskjer ein arbeidsplass prega av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hjå oss. NAV er IA-verksemd og vi tilrettelegg arbeidsforholda om du har behov for dette.


Spesialpedagog til NAV Arbeidsrådgivning Vestland - NAV

Vi har ledig ei fast stilling som spesialpedagog ved NAV Arbeidsrådgivning Vestland med arbeidsstad Førde. Stillingen vil ha hovedkontor i Førde og få ansvar for tenestene som skal leverast til Nordfjord, Sunnfjord, Sogn og Nordhordland.

NAV Arbeidsrådgivning Vestland er eit fylkesdekkjande ressurs- og kompetansesenter (spesialeining) som har utfyllande arbeidsretta kompetanse innan arbeidspsykologi, pedagogikk og jobbmeistrande kartleggings- og rettleiingsmetodikk. Totalt består kontoret av 11 tilsette og leverer tenester til NAV-kontora i fylket frå kontora våre ligg i Bergen og Førde.

Tenester som vert levert av NAV Arbeidsrådgivning skal vera eit komplementært tilbod til øvrige tenester i NAV. Vi legg stor vekt på å ha eit nært og godt samarbeid med andre einingar i etaten, særleg viktig er kontakten med veiledarane ved NAV-kontora. Vi har òg utstrakt brukarkontakt.

Vi søker etter kandidatar som Identifiserer deg med verdigrunnlaget til NAV, og som syner forståing for arbeids- og velferdspolitikken i eit samfunnsperspektiv

Arbeidsoppgåver
•Utgreiing, kartlegging og utvida rettleiing av brukarar med fokus på
  arbeid
•Tematisk og fagleg undervising og rettleiing av tilsette ved
   NAV-kontora
•Karriererettleiing til brukarar med samansette utfordringar som er
  usikre på karriereval

Kvalifikasjonar
•Utdanning som spesialpedagog/master i spesialpedagogikk
•Erfaring frå arbeid med vaksne innan opplæring
  (skole, PPT, Statped)
•Kompetanse innan utgreiing

Utdanningsretning
•Pedagogikk

Personlege Eigenskapar
•Du har:
•eit resultat- og løysingsorientert fokus
•god evne til å gjennomføre
•god evne til å arbeide målretta, nøyaktig og får oppgåvene unna
•god evne til å arbeide sjølvstendig så vel som i lag med andre
•gode servicehaldningar og kommunikasjonsevne

Vi tilbyr
•Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig 
  samfunnsområde
•Fagleg utvikling og oppfølging innan relevante fagområder for
  stillinga
•Aktive og engasjerte kollegaer
•Stillingskode 1364 Seniorrådgjevar med lønnsspenn
   kr. 534.100 - kr. 646.700,- per år For særlig kvalifiserte søkjarar,
   kan høgare løn vurderast
•God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Andre opplysningar
•Noe reisevirksomhet må påregnes

Kontaktinformasjon
Emilie Ingjerd Øy Pons, Leiar NAV Arbeidsrådgivning Vestland,
mobil 455 17 120, e-post: emilie.pons@nav.no
Geir Tveit, Fagleiar/ spesialpedagog, mobil 922 27 955,
e-post: geir.tveit@nav.no

Arbeidsstad
Langebruvegen 19, 6800 Førde

Nøkkelinformasjon:
Ref. nr.:2019-1296-02
Stillingsbrøk: 100%
Fast

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne sida.
Ver vennleg referer til Lærerjobb.no i søknaden

Søknadsfrist: 30.04.2019