Styrar/tenesteleiar 100% fast - Kjørnes barnehage

3 dager igjen

Rekrutterer
Sogndal kommune
Sted
Sogndal (By), Sogn og Fjordane
Publisert
12. april 2019
Frist
22. april 2019
Bransje
Barnehager
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Kjørnes barnehage ligg på Kjørnes i Sogndal kommune, midt i eit område med stor utbygging av nye bustader, med gang- og sykkelveg til sentrum. Barnehagen har seks avdelingar, der den eine er uteavdeling. I Kjørnes barnehage brukar vi naturen aktivt som leikeplass kvar dag, og vi tek med oss opplevingane i arbeidet med fagområda. Barnehagen har ein "grøn profil", og vi ynskjer at borna skal verta glade i å ferdast i naturen og at dei skal ha forståing av- og respekt for samspelet i naturen. Vi har nær tilgang på fjord og fjell, og vi har høner i barnehagen.

Stillingsinformasjon

Styrar i Kjørnes barnehage går av med pensjon, det blir difor ledig styrarstilling frå 13.08.2019. Ved kommunesamanslåing til nye Sogndal kommune frå 01.01.2020, blir stillinga endra til tenesteleiar. Som tenesteleiar har ein det overordna faglege, organisatoriske, administrative og økonomiske ansvaret i eininga. Styrar/tenesteleiar er heilt sentral i barnehagen sitt virke, og er nøkkelpersonen i utviklings- og endringsarbeid, og i initiativ, tiltak og oppfølging av det pedagogiske arbeidet og foreldrekontakten.

Styrar/tenesteleiar er ein del av leiargruppa i oppvekstsektoren. Det inneber eit medansvar i tverrfagleg team. Gjennom godt samarbeid skal vi sikre at alle som veks opp i Sogndal, skal ha ein god og trygg barndom der dei får moglegheit til å realisere sitt potensiale.

Vi søkjer etter ein person med gode leiareigenskapar.

Kjørnes er ein stor barnehage med mange tilsette, det er difor ønskjeleg at søkjar har styrarerfaring. 
Det vil bli lagt vekt på eigenskapar som: 
- sjå verdien av å jobbe i team og ha gode samarbeidsevner
- vere løysingsorientert
- ha evne til å inspirere, engasjere og rettleie medarbeidarar mot felles mål og kunne nytte potensialet til dei tilsette
- kunne handtere nye utfordringar
- ha gode kommunikasjonsevner
- ha god relasjonskompetanse

Krav til kompetanse

Barnehagelærarutdanning eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse.
Det er ønskjeleg at søkjarar har styrarutdanning. I tillegg vil personlege eigenskapar bli vektlagt.

Spesielle vilkår for stillinga

Den som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.

Andre opplysningar

Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet "Telefon/Mobil privat" i den elektroniske søknaden.

Vi tilbyr

- Løn etter avtaleverket.
- Gode pensjonsordningar.
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

For søknad

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no - ledige stillingar.
For spørsmål kontakt Tenestetorget tlf. 57629600.

Dersom du skal søkje på fleire stillingar, må du sende ein søknad pr. stilling.
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteke dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.

I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, men gjer merksam på at CV vert brukt i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Kontakter

Gunn Haugen, styrar
E-post gunn.haugen@sogndal.kommune.no
Mobil 952 31 618 / tlf. 57 67 51 73

Karin Johansen, tenesteleiar
E-post Karin.Johansen@sogndal.kommune.no
Mobil 906 95 067 / tlf. 57 62 97 91

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne sida.
Ver vennleg referer til Lærerjobb.no i søknaden.

Søknadsfrist: 22.04.2019