Barnehagelærar - vikariat

Rekrutterer
Sted
Bykle (By), Aust-Agder
Publisert
15. mars 2017
Frist
30. mars 2017
Bransje
Barnehager
Arbeidsfelt
Barnehagelærer
Jobbtype
Vikariat
Arbeidstid
Heltid

Ledig stilling som barnehagelærar

Til deg som ønskjer verdas viktigaste stilling, og som ønskjer å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring! I barnehagane i Bykle er det ledig vikariat som barnehagelærar i 100% frå og med 01.08.17 til 31.07.18. Stillinga er for tida i Bykle barnehage

Krav til utdanning: Utdanning som barnehagelærar

Stillingsinnhald:
• Barnehagane i Bykle kommune har auka pedagogtettleik, dvs. pedagogisk 
  leiar og barnehagelærar på same avdeling, med gruppestorleik på 18 eller 
  9 barn
• Barnehagelæraren er stedfortreder for pedagogisk leiar
• Barnehagelæraren er ein del av barnehagen sitt pedagogiske team, og 
   skal aktivt delta i utviklinga av barnehagen
• Vere pedagogisk leiar sin faglege samtale- og diskusjonspartnar i 
   kvardagen
• Samarbeide med pedagogisk leiar i forhold til delegerte ansvarsområde
• Vi ønskjer oss ein medarbeidar som er personleg eigna, tek ansvar, er 
   fleksibel og god til å samarbeide.
• Du må gjerne vere glad i ski- og friluftsaktivitetar, og ha førarkort.

Vi kan tilby:
• Løn etter kompetanse + rekrutteringstilskot kr. 24 000/år (maks i 5 år)
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
• Flyttegodtgjersle etter eige reglement

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Krav om politiattest ved tilsetting.

Spørsmål om stillinga
kan rettast til tenesteleiar Kristin D. Hoslemo, 48 89 65 35

Søkarane må bruke det elektroniske søknadsskjemaet vårt.

Vitnemål og attestar vil bli spurt etter ved eit eventuelt intervju.

Du kommer til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne siden.
Vennligst referer til Lærerjobb.no i din søknad

Søknadsfrist: 30. mars 2017

Flere stillinger som denne