Lærar i vaksenopplæringa

Rekrutterer
Sted
Bykle (By), Aust-Agder
Publisert
15. mars 2017
Frist
30. mars 2017
Arbeidsfelt
Lærer
Jobbtype
Vikariat
Arbeidstid
Heltid

Ledig stilling som lærar i vaksenopplæringa

Det er ledig ei 100% stilling som lærar i vaksenopplæringa, vikariat for skuleåret 2017 - 2018.

Arbeidsoppgåver:
Undervisning for innvandrarar. Det er aktuelt med undervisning både på dag- og kveldstid. Oppfølging av deltakarar som er i språkpraksis i arbeidslivet. Tett samarbeid med flyktningtenesta.

Kvalifikasjonskrav:
• Godkjent lærarutdanning. Svært ønskjeleg med tilleggsutdanning i norsk 
   som andrespråk eller migrasjonspedagogikk.
• Erfaring med undervisning av vaksne/vaksenpedagogikk

Vi ønskjer at du har:
• Gode evner til samarbeid, og til å arbeide sjølvstendig
• Engasjement, og evne til å inspirere elevar

og at du er:
• Flink til å kommunisere.
• Tolerant og samfunnsengasjert.

Den som blir tilsett må disponere eigen bil i teneste.

Vi kan tilby:
• Løn etter avtale og kompetanse + kr 24 000/år i rekrutteringstillegg
  (maks 5 år)
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
• Flyttegodtgjersle etter eige reglement

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir trekt 2% pensjonsinnskot. Krav om politiattest ved tilsetting.

Spørsmål om stillingane
kan rettast til skulefagleg ansvarleg Leif Kvinlog tlf.: 379 38613 / 909 84833

Vårt elektroniske søknadsskjema finn du her og til høgre på sida.                                                               

Vitnemål og attestar vil bli spurt etter ved eit eventuelt intervju.    

Du kommer til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne siden.
Vennligst referer til Lærerjobb.no i din søknad 

Søknadsfrist: 30. mars 2017