Lærarar Fjellgardane skule

3 dager igjen

Rekrutterer
Sted
Bykle (By), Aust-Agder
Publisert
15. mars 2017
Frist
30. mars 2017
Bransje
Grunnskoler
Arbeidsfelt
Lærer
Jobbtype
Vikariat
Arbeidstid
Heltid

Ledige lærarstillingar frå hausten 2017
 

Bykle kommune har gode skular og ønskjer seg lærarar som kan vere med å gjere sitt til at vi blir endå betre. Skuleutvikling og gode læringsmiljø er viktige for oss. Dette ønskjer vi at lærarane våre skal engasjere seg i.

Fjellgardane skule er ein rein barneskule med ca. 45 elevar.

Lærarar Fjellgardane skule, 1 – 7 skule:
• Inntil to vikarstillingar for skuleåret 2017-18, delar av den eine stillinga kan 
   bli fast.

Kvalifikasjonskrav:
• Lærarutdanning.
• Samla må dei tilsette ved skulen kunne dekke skulen sine fag.
• Det vil bli lagt vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna.

Vi kan tilby:
• Løn etter kompetanse + kr. 24 000/år i rekrutteringstillegg ( maks 5 år)
• Oppfølging av mentor for nyutdanna
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
• Flyttegodtgjersle etter eige reglement

Utlysinga gjeld også andre lærarstillingar som kan bli ledige på skulane.

Det kan vere aktuelt å dele ei stilling mellom skulane.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir trekt 2% pensjonsinnskot. Krav om politiattest ved tilsetting.

Spørsmål om stillinga på Fjellgardane skule
kan rettast til tenesteleiar Askild Johnsen, tlf. 37 93 86 31/91355707

Vitnemål og attestar vil bli spurt etter ved eit eventuelt intervju.

Søknaden må innehalde opplysningar om kva for arbeidsstad ein søkjer og ønska stillingsstorleik. Ved søknad på meir enn ei stilling, må søkjaren sette opp prioritert rekkefølje.

Du kommer til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne siden.
Vennligst referer til Lærerjobb.no i din søknad.

Søknadsfrist: torsdag 30.mars 2017

Flere stillinger som denne