Rektor

Sted
Nordfjordeid, Eid
Publisert
27. mars 2017
Frist
21. april 2017
Bransje
Folkehøgskoler
Arbeidsfelt
Leder, Rektor
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Fjordane Folkehøgskule søker etter ny REKTOR frå 01.08. 2017.

Fjordane Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med plass til 84 elevar.
Skulen er eigd og vert driven av eigarlaget for Fjordane Folkehøgskule, og vert driven i henhold til lov om Folkehøgskular. Skulen har 25 tilsette.
Skulen har eit tilrettelagt program for elevane sin faglege framgang, sosiale
utvikling og personlege vekst. Dette kjem til uttrykk gjennom fagleg utvikling,
trening i fellesskap, samarbeid, kreativitet, ansvar, toleranse, respekt og
kommunikasjon.

Vi søker ein rektor som er ein tydelig og involverande leiar, med vilje til å
tenke utvikling, samt gjennomføringskraft til å sette idear ut i livet. Rektor må
identifisere seg med folkehøgskulens idégrunnlag, kjenne til arbeidet i folkehøgskulen og det avtaleverk som er gjeldande til ei kvar tid. Rektor må ha god forståing for økonomi og IKT, vere pedagogisk leiar, motivator og pådrivar. Ha eit raust menneskesyn, god arbeidskapasitet, ein strukturert person med godt humør og glad i å vere i lag med unge menneske.

Vi ønskjer ein person som primært har pedagogisk utdanning og leiarefaring
frå skule, gjerne folkehøgskule.

Skulen ligg på Nordfjordeid, i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Tettstaden
Nordfjordeid har eit godt utbygd skuleverk og gode kulturtilbod.
Eid kommune er ein kommune i vekst med gode levevilkår for både store og små.

Det er pliktig medlemskap i Statens pensjonskasse.

Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å henvende dykk til:
Konstituert rektor: Silvia van Hesik Førde, tlf.nr 92612455
Styrets leiar: Øyvind Dypveit, tlf.nr 90661903

Ytterlegare informasjon om skulen:
Fjordane Folkehøgskule og www.facebook.com/fjordanefhs

Søknad vert å sende pr. post innan 21. april 2017 til:
Styret for Fjordane Folkehøgskule, postboks 130, 6771 Nordfjordeid,
eller styret sin leiar pr. mail: oyvind.dypveit@eid.kommune.no 

Du søker på stillingen ved å trykke "Søk" på denne siden.
Vennligst referer til Lærerjobb.no i din søknad.

Søknadsfrist: 21. april 2017