Lærar ved Svelgen oppvekst

Sted
Svelgen, Bremanger
Publisert
9. januar 2018
Frist
15. februar 2018
Bransje
Grunnskoler
Arbeidsfelt
Lærer, Pedagog, Spesialpedagog
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Bremanger oppvekstBremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv.
Meir informasjon om kommunen finn du på bremanger.kommune.no.

Oppvekstsektoren i Bremanger har seks oppvekstsenter med barnehagar og skular under same tak og med felles leiing. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år.

Samla sett oppnår vi gode faglege resultat og vi har høg trivsel hos elevar og lærarar. Vi har mange dyktige lærarar med høg kompetanse og vilje til utvikling.

Vi treng no fleire med på laget for å utvikle oppvekstsektoren i Bremanger vidare. Dei som vert tilsette må vere villige til å jobbe etter dei systema og verdiane som ligg til grunn i oppvekstsektoren generelt og på kvart oppvekstsenter spesielt.

Lærar ved Svelgen oppvekst

Svelgen oppvekst har barnehage med 5 avdelingar og er ein barne- og ungdomsskule frå 1.-10. klasse med 203 elevar.

For skuleåret 2018/2019 har Svelgen oppvekst ledig inntil fem faste stillingar som lærar i 100%.

Fagønskje: norsk, engelsk, samfunnsfag, KRLE, matematikk, naturfag, kroppsøving, kunst og handtverk og spesial pedagogikk. Søkjarar med anna fagkompetanse kan òg søkje

Den som vert tilsett må i tillegg til faglege kunnskapar:

• Ha gode samarbeidsevner
• Vere tydeleg og motivert leiar i klasserommet
• Vere engasjert til det beste for barn og elevar

Gode norskkunnskapar vert vektlagt.

Kontaktperson:
Driftssjef ved Svelgen oppvekst Sindre Fjeld, tlf. 468 06 321

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Referansenr:  2018000071
Tiltreding:  Hausten 2018

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne sida.
Ver vennleg referer til Lærerjobb.no i søknaden. 

Søknadsfrist: 15.02.2018