Lærar ved Hauge oppvekst

Sted
Svelgen, Bremanger
Publisert
10. januar 2018
Frist
15. februar 2018
Bransje
Grunnskoler
Arbeidsfelt
Lærer
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Bremanger oppvekstBremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv.
Meir informasjon om kommunen finn du på bremanger.kommune.no.

Oppvekstsektoren i Bremanger har seks oppvekstsenter med barnehagar og skular under same tak og med felles leiing. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år.

Samla sett oppnår vi gode faglege resultat og vi har høg trivsel hos elevar og lærarar. Vi har mange dyktige lærarar med høg kompetanse og vilje til utvikling.

Vi treng no fleire med på laget for å utvikle oppvekstsektoren i Bremanger vidare. Dei som vert tilsette må vere villige til å jobbe etter dei systema og verdiane som ligg til grunn i oppvekstsektoren generelt og på kvart oppvekstsenter spesielt.

Lærar ved Hauge oppvekst
Ved Hauge oppvekst er Stasjonen barnehage med tre avdelingar og Hauge skule som er ein barne- og ungdomsskule  med 122 elevar.

Vi har ledige inntil 4 stillingar som lærar i 100% for skuleåret 2018/2019. To av stillingane er faste.

Fagynskjer: Tysk, Norsk, Engelsk, Matematikk, Kunst og handtverk og spesialundervisning.
Søkjarar med anna fagkompetanse kan òg søkje.


Den som vert tilsett må i tillegg til faglege kunnskapar:
• Ha gode samarbeidsevner
• Vere tydeleg og motivert leiar i klasserommet
• Vere engasjert til det beste for elevane

Gode norskkunnskapar vert vektlagt.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Referansenr:  2018000070
Tiltreding:  Hausten 2018

Kontaktperson: 
Driftssjef ved Hauge oppvekst Kåre Magne Moe, telefon 959 82 948.

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne sida.
Ver vennleg referer til Lærerjobb.no i søknaden. 

Søknadsfrist: 15.02.2018