Vikariatstilling som musikklærar

Sted
Voss (By), Hordaland
Publisert
9. februar 2018
Frist
18. mars 2018
Bransje
Folkehøgskoler
Arbeidsfelt
Lærer, Pedagog
Jobbtype
Vikariat
Arbeidstid
Heltid

Ledig 100% vikariatstilling som musikklærar på Voss folkehøgskule 2018 - 2019

Grunna barselpermisjon har vi ledig 100% stilling som lærar på musikklinja ved Voss folkehøgskule. Vikariatet gjeld skuleåret 2018 – 2019.

Vi har 100 elevar og seks linjer på skulen; musikk, film/foto, data, friluftsliv/idrett, ekstremsport luft og ekstremsport. Kvar klasse har mellom 15–18 elevar. Dette mangfaldet gir eit levande og pulserande skulemiljø, og stor breidde i lærarkollegiet.

Musikklinja starta i 1965 og er truleg den viktigaste linja for fellesskapet på skulen. Me har linjefag tre dagar i veka, medan resten av dagane er det fellesfag og valfag. Dermed får elevane eit breitt omfang av tilbod og læringsarenaer.

Som lærar har du kanskje den største pedagogiske fridomen i verda til å forme eit godt skuleår saman med klassen din. Folkehøgskulane har ikkje prøvar, pensum og karakterar. Skuleslaget sitt mål er å byggje personleg karakter, fremje toleranse og respekt for menneske og natur – og førebu elevane til eit aktivt arbeids- og samfunnsliv. 

Året for elevane på musikklinja blir i stor grad forma av deg og elevane sjølve, ut i frå ferdigheiter, nivå og kva elevane ønskjer å læra. Vi stiller ikkje tekniske krav til elevane på førehand. Det viktigaste er ei positiv haldning og eit ope og utforskande musikksyn. Vi legg stor vekt på samspel, fordi vi veit at dette fører til musikalsk glede og læring. Stikkorda for året er difor samspel, konsertar, turne, låtskriving og komposisjon. Nokre av elevane vil ha musikk som leveveg og karriere, andre vil leike med og utøve musikk på eit hobbynivå. Eit år på ein folkehøgskule skal gje læraren og elevane stor variasjon og musisk glede.

Vinteren 2019 dreg musikklinja på ei musikalsk danningsreise til Dei britiske øyer. Studieturen er på 12 døgn, og elevane skal sjølve arbeide mykje med planlegging og innhald på førehand. Elevane får størst læringsutbytte og eigarskap når dei sjølve er med å planleggje turen. Her får lærar også med seg ein stipendiat (andreårselev) på studieturen. 

Musikklinja har eige musikkstudio, ein MacLab med sju stasjonar. I tillegg har vi tre studierom der elevane kan lage, redigere, produsere, komponere og arrangere musikk. Vi har også ein eigen kinosal på skulen, der vi ser gode musikkfilmar – gjerne saman med elevar frå andre linjer.

Musikklinja samarbeider med Ole Bull Akademiet som arrangerer Osafestivalen, folkemusikk i særklasse. Vi samarbeider med Vossajazz, der elevane deltek både som utøvarar og som frivillige. Voss lyd har fast undervisningstid på skulen, med deira spesialkompetanse innan produksjon, studioarbeid og live-lyd.

Voss ligg vakkert til i storslagen natur. Heile skulen nyttar naturen som klasserom og læringsarena. Voss er den folkehøgskulen i landet som ligg nærast til eit skianlegg, med Voss Resort i Bavallen og Myrkdalen. Vi har også eit heilt nytt og glimrande bade- og treningsanlegg i Vossabadet, som vi også brukar mykje. I tillegg er bygda «ekstremsportens Mekka», for dei som likar det ekstra vågale.

Vi kan tilby:
* -    Eit variert og mangfaldig arbeid
* -    Ungdom som søkjer til skulen for å arbeide med og fordjupe seg i 
        musikk
* -    Engasjerte og motiverte kollegaer
* -    Løn i tråd med lov- og avtaleverk for lærarar, pluss eit B-tillegg på
        kr. 23 000
* -    God fagleg utvikling
* -    Stor fridom til å forme innhaldet i undervisninga i møte med elevane 
        sine interesser og ferdigheiter

Vi søkjer etter ein lærar:
* -    Som har god fagkompetanse, gode evner til samarbeid – og eit hjarte 
        for ungdom på terskelen til vaksenlivet
* -    Som har brei fagleg orientering og gode evner til å inspirere og rettleie
* -    Som er god på å akkompagnere til allsong og til å leie skulekoret
* -    Som har pedagogisk og fagleg utdanning

Ta gjerne kontakt med rektor Claus Røynesdal for ytterlegare informasjon. Telefon 934 62 344.

Tilsettinga gjeld 1. august 2018 – 31.juli 2019.

Send søknad med CV, attestar og referansar til rektor@voss.fhs.no 

Se vår brosjyre

Du kjem til søknad ved å trykke "Søk" på denne sida.
Ver vennleg referer til Lærerjobb.no i søknaden.

Søknadsfrist 18. mars

Søk på Vikariatstilling som musikklærar

Har du allerede lastet opp en CV? Logg på for å søke umiddelbart

Søk

Last opp fra datamaskinen din

eller importér fra lagring i nettskyen

Din CV må være et .doc, .pdf, .docx, .rtf, og ikke større enn 1Mb


4000 tegn igjen


Når du søker på en jobb som er oppført på lærerjobb.no godtar du våre brukervilkår og vår personvernerklæring. Du vil aldri bli bedt om å oppgi bankkontoopplysninger. Hvis dette skjer, ber vi om at du sender oss en e-post.