Lærarar i Gaularskulen 2018 - 2019

Rekrutterer
Gaular kommune
Sted
Gaular kommune
Publisert
5. mars 2018
Frist
11. april 2018
Bransje
Grunnskoler
Arbeidsfelt
Lærer, Pedagog, Spesialpedagog
Jobbtype
Fast, Vikariat
Arbeidstid
Deltid, Heltid

Lærarar i Gaularskulen 2018-2019

Vi treng dyktige lærarar til Gaularskulen skuleåret 2018-2019. Er du ein av dei?

Gaular kommune er i vekst med aukande busetjing og næringsetablering. Vi ligg midt i smørauget med 20 min køyretid frå kommunesenteret Sande til Førde, 15 min til Førde Lufthamn Bringeland og 2,5 timar til Bergen.

Kommunen har eit godt barnehage- og skuletilbod, eit rikt kulturtilbod og gode høve for friluftsliv heile året. Bygstad skule (1.-7.) med om lag 100 elevar, Sande skule (1.-10.) med om lag 270 elevar og Viksdalen skule (1.-10.) med om lag 50 elevar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Les meir på www.gaular.kommune.no eller Facebook. Sjå også heimesidene til skulane.

Vi søkjer deg med god fagleg og relasjonell kompetanse, som vil vere med å utvikle eit godt skulemiljø. Teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt. Frå 01.08.2018 har vi ledig fleire faste og mellombelse undervisningsstillingar av varierande storleik, både i barne- og ungdomsskulen. Utlysinga gjeld òg stillingar som måtte verte ledige fram mot skulestart. Ynskje om stillingsstorleik og arbeidsstad må opplysast i søknaden.

Spørsmål om stillingane kan rettast til: Rektor ved den einskilde skule, eller kommunalsjef for oppvekst og kultur Merete Grimestad Birkeland tlf. 57 71 85 41/ 416 19 583.

Er du klar? Vi treng deg! Søk elektronisk innan 11. mars 2018 på  www.gaular.kommune.no merk saksnr 18/254

Kommunen har behov for:

Lærarar med fagkompetanse i bla. engelsk på barnesteget og ungdomssteget, naturfag, musikk, mat og helse, norsk/norsk som andrespråk, matematikk, kunst og handverk, spes.ped og kroppsøving.

Informasjon om den einskilde skulen:

Bygstad skule. 1.-7. fulldelt skule med omlag 100 elevar. Rektor Kirsten Råheim. Tlf. 57 71 86 03/ 992 55 583. www.bygstadskule.no

Ledig inntil 150 % fast stilling og 30 % vikariat. Det er mogleg det vert fleire ledige stillingar.

Fagynskje: Grunnskulefaga.
Kompetansekrav: Grunnskulelærar/allmennlærar.

Viksdalen skule, 1.-10. skule med omlag 50 elevar. Skulen er fådelt, med tre klassar i barnesteget og ein i ungdomsskulen. Rektor Jorunn Hope. Tlf. 57 71 80 82/ 944 38 213. www.viksdalenskule.no

Ledig inntil 100 % fast stilling og 160 % vikariat. Det er mogleg at det kan verte fleire stillingar.

Det er behov for lærarar både i barne- og ungdomsskulen.

Fagynskje: Barneskulen: norsk, matematikk og spes.ped. Behov for lærarar som kan vere kontaktlærarar.
Ungdomsskulen: tysk, musikk, kroppsøving og spes.ped.
Kompetansekrav: Grunnskulelærar/allmennlærar.

Sande skule, 1.-10. fulldelt skule med omlag 270 elevar. Rektor Rune Kvammen. Tlf. 57 71 85 31/ 959 93 920. www.sandeskule.no

Ledig inntil 200 % fast stilling og 300 % vikariat. Det er mogleg det vert fleire ledige stillingar. Stillingane inneber undervisning både i barne- og ungdomsskulen.

Fagynskje: Naturfag, matematikk, engelsk, norsk, tysk, musikk, kunst & handverk, kroppsøving og spes.ped.
Kompetansekrav: Grunnskulelærar/allmennlærar.

Generelt for stillingane:

Kommunen ynskjer søkjarar med god fagleg kompetanse som vil vere med å utvikle eit godt skulemiljø der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt. Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju/samtale. Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.

CV med rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal ligge ved søknaden eller ettersendast.

Politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, og fråsegn om tuberkulose vert kravd ved tilsetjing. Gje opp referansar med tlf.nr. Attestar og vitnemål vert ikkje returnert.

Gaular kommune oppmodar alle om å søke elektronisk via kommunen si heimeside www.gaular.kommune.no merk saksnr 18/254.

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne sida. Ver vennleg referer til Lærerjobb.no i søknaden.  

Søknadsfrist: 11. mars