Undervisningsinspektør - Samnanger ungdomsskule

Sted
Tysse, Samnanger
Publisert
14. mai 2018
Frist
25. mai 2018
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

SamnanagerSamnanger
Undervisningsinspektør - Samnanger ungdomsskule

Samnanger kommune har 2400 innbyggjarar og ligg midt mellom Bergen og Hardanger. Reisetida til Bergen sentrum er ca. 40 minuttar. Kommunen har ca. 265 tilsette, fordelt på 188 årsverk.

Samnanger ungdomsskule er ein skule med 3 årssteg og har om lag 100 elevar. Skulen ligg på Ytre Tysse.

Undervisningsinspektør ved ungdomsskulen er nestleiar ved skulen. Stillinga er delt mellom administrasjon og undervisning med om lag 40% administrasjon og 60% undervisning.
Hausten 2017 startar skulen lokalt utviklingsarbeid med fokus på læring - "Vurdering for læring" .
Hovudmål for skulane i Samnanger er: "Ein god stad å vera - ein god stad å læra".

Ungdomsskulen har pr. i dag
• Ca. 18 tilsette/ca 12 årsverk
• Ca. 70 elevar
• Budsjett på 10 mill.kr.

Arbeidsoppgåver
•Bidra til fagleg og pedagogisk utvikling på skulen
•Medansvar for planlegging og rutinar
•Medansvar for timeplanlegging og arbeidsplanar, års- og verksemdsplanar
•Medansvar for administrasjon av eksamen, tentamen og nasjonale prøver
•Skaffa vikarar o.a. oppgåver delegert frå rektor
•Ansvarleg ved rektor sitt fråvær

Kvalifikasjonar
•Må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar
•Bør ha erfaring frå skuleleiing
•Gode samarbeidsrelasjonar og evne til å motivera
•Må kunna utrykkja seg godt skriftleg og muntlig
•Politiattest, jfr. Opplæringsl. §10-9

Utdanningsretning
•Pedagogikk

Utdanningsnivå
•Høgskule / Universitet

Personlege eigenskapar
•Kunna vera med å leia ein lærande organisasjon/pedagogisk verksemd
•Vera utviklingsorientert
•Vera ein tydeleg mellomleiar med evne til samarbeid og relasjonsbygging

Vi tilbyr
•Lønn etter avtale.
•Dyktige kollegaer og høgt fagnivå
•IA-bedrift
•Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
•Søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jfr §25 i Offentleglova. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla, slik at han/ho har moglegheit for å trekkja søknaden.

Andre opplysningar
•Reiseaktivitet: Ingen reiseverksemd

Nøkkelinformasjon:
Ref. nr.: 3809269917
Stillingsbrøk: 100%
Heltid
Startdato: 01.08.2018
Arbeidsstad: Tyssereinane 16, 5650 Tysse

Kontaktinfo:
Heidi Fossdal, undervisningsinspektør, telefon 56589960/56589962,
e-post: heidi.fossdal@samnanger.kommune.no 
Bodil H.Øpstebø, rektor, telefon 56589960/56589961,
e-post: bodil.opstebo@samnanger.kommune.no

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke "Søk" på denne sida.
Ver vennleg referer til Lærerjobb.no i din søknad.

Søknadsfrist: 25.05.2018