Ledig stilling:

Kommunalsjef for oppvekst

Søknadsfrist: 15.08.2021

Kommunalsjef for oppvekst, 100% fast stilling

Omtale av arbeidsstaden

Sektor for oppvekst er ein av tre tenesteproduserande sektorar i Midt-Telemark kommune. Sektoren har ansvar for skule, barnehage, senter for kompetanse og inkludering, interkommunalt barnevernteneste og interkommunal PPT.
Kommunen har både private og kommunale barnehagar og ein privat skule.

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist: 15.08.2021

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Sted: Bø, Midt-Telemark

Stillingstittel: Kommunalsjef for oppvekst

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast

Kort om stillinga

Kommunalsjefen er leiar for sektoren og medlem av kommunedirektøren si leiargruppe. Nåverande kommunalsjef har gått over i ei anna stilling utanfor kommunen. Vi søker no etter ein ny kommunalsjef for oppvekst. Kommunalsjefen har ansvar for økonomi, personell og fag innanfor sektoren. Til stillinga ligg også rolla som sekretær for det politiske utvalet som er delegert oppgåver innanfor sektoren.

Arbeidsoppgåver

  • Leie sektor for oppvekst
  • Legge fram saker til politisk handsaming og fylgje opp politiske vedtak
  • Ansvar for økonomi, personell og fag
  • Overordna utviklingsansvar for sektoren
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vere ein del av kommunedirektøren si leiargruppe
  • Ansvar for et godt arbeidsmiljø i sektoren

Krav til utdanning

  • Høgare pedagogisk utdanning
  • Formell leiarkompetanse
  • Formell kompetanse innanfor økonomi
  • Kompetanse innanfor bruk av digitale verktøy

Ønskja kvalifikasjonar

  • God evne til å skape resultat gjennom tverrfagleg arbeid
  • Relevant leiarerfaring frå oppvekstområdet og trygg utøving av leiarrolla
  • Skulefagleg bakgrunn
  • God evne til å skape resultat gjennom endringsprosessar
  • God evne til partsarbeid

Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.

Personlege egenskapar

  • Kommunalsjefen må identifisere seg kommunen sitt verdigrunnlag og ha høg fokus på godt arbeidsmiljø.
  • Vere løysingsorientera, ha evne til å fatte avgjerd og til å gjennomføre
  • Kunne inspirere
  • Ha god evne til kommunikasjon og samarbeid
  • Vere fagleg oppdatera, innovativ og kreativ

Anna

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet. I intervjuet vil kandidaten bli beden om å kome med referansar til overordna, sideordna, underordna og representantar for dei tilsette.
Søkarar som blir kalla inn til intervju vil få ei oppgåve dei skal svare på.

Særskilt for stillinga

E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune skal gjennomførast før oppstart i stilling.
Førarkort kl. B
Den som blir tilsett må kunne legge fram attest frå politiet jf. opplæringslova § 10-9
Den som tilsettast må disponere eigen bil.
Midt-Telemark er ein kommune som har både bokmål og nynorsk som hovudmål. Kommunalsjefen må kunne utrykke seg skrifteleg på begge målformene.

Vi tilbyr

  • Travle dagar med spanande utfordringar i eit utviklingsorientera miljø
  • Ein arbeidsgjevar som arbeider aktivt for helsefremmande arbeidsplassar
  • Løn etter avtale

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.

Søknaden sendast

Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.

Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.

Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.

Kontaktperson

Per Dehli, kommunedirektør, mobil: 97158788

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.

Søknadsfrist: 15. august 2021

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar. Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.

Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.