Ledig stilling:

Barnehagelærar

Søknadsfrist: 18.06.2023

Barnehagelærar

Stillingsinformasjon:

Inntil 100 % vikariat for barnehagelærar ved Gaupne barnehage frå i tida 01.08.2023-31.07.2024.

Om Gaupne barnehage

Gaupne barnehage er den største barnehagen i Luster kommune og har seks avdelingar med kapasitet på 132 barnehageplassar. Barnehagen har inneverande år ei bemanning på 24,2 årsverk. Hausten 2022 vart barnehagen utvida med ei sjette avdeling og ei ny personalavdeling. Bygget elles er frå 2011. Barnehagen ligg nær friluftsområde og har eigen naturleikeplass med sanitærforhold. Fysisk aktivitet og friluftsliv er viktig for Gaupne barnehage.Barnehagen har arbeidt systematisk med det kommunale prosjektet psykisk helsefremjande barnehagar og COS over fleire år, har delteke som tiltaksbarnehage i forskingsprosjektet ACTNOW og er praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Arbeid med inkludering og språkutvikling står sentralt, ikkje minst fordi barnehagen har fleire minoritetsspråklege barn. Gaupne barnehage deltek i eit pilotprosjekt om auka grunnbemanning ut kalendaråret 2023.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist: 18.06.2023

Arbeidsgjevar: Luster komune

Stad: Gaupne

Stillingstittel: Barnehagelærar

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tiltreding: 01.08.2023

Tiilsetjingsform: Vikariat

Kvalifikasjonar:

  • godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
  • gjerne erfaring frå barnehage
  • beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • menn vert oppmoda om å søkje

Arbeidsoppgåver:

  • sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
  • ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
  • medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
  • bidra til eit godt samarbeid med føresette
  • ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar

Personlege eigenskapar:

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
  • fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette
  • likar å arbeida i lag med andre
  • taklar høgt tempo i kvardagen
  • godt humør

Me kan tilby:

  • spennande og varierte arbeidsdagar
  • systematisk kvalitetsarbeid i ein sterk fagleg organisasjon
  • fokus på pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
  • rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
  • løn og pensjonsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Andre opplysningar :

  • Politiattest må leggast fram før tilsetjing
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Kontaktperson:

Heidi Karin Teigen Njøs, mobil 951 02 241,

e-post: heidi.karin.teigen.njos@luster.kommune.no

Hjemmeside

Søknadsfrist: 18. juni 2023

Søk på stillingen her

Arbeidsgjevar: Luster kommune - Gaupne barnehage

Gaupne barnehage er godkjent for 114 plassar + ekstraavdeling 18-24 plassar for barn i alderen 0- 5 år.

Barn under 3 år tek opp 2 plassar.

Powered by Labrador CMS