Ledig stilling:

Lærar

Søknadsfrist: 15.06.2023

Lærar

Om Skjolden oppvekstsenter

Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med utsyn utover Lustrafjorden og kort veg til Fjordstova med symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane.

Inneverande skuleår er det 27 elevar på 1.-7. trinn. Komande skuleår er skulen tredelt, dvs. tre klassar. Barnehagen har denne våren 18 barnehagebarn, men tal barnehagebarn går opp frå hausten. Denne våren er det 15 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 10 årsverk barnehage, SFO og skule. Det er eit kompetent og fagsterkt kollegium.

Både barnehage og skule brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa.

Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte».

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist: 15.06.2023

Arbeidsgjevar: Luster kommune

Stad: Skjoden

Stillingstittel: Lærar

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tiltreding: 01.08.2023

Tilsetjingsform: Fast

Stillingsinformasjon:

Det er ledig 100 % fast stilling som lærar ved oppvekstsenteret

Kvalifikasjonar:

  • Pedagog med kompetanse 1.-7.trinn
  • Fagynskje: Begynnaropplæring, engelsk, IKT

Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:

  • Gode samarbeidsevner
  • Kan jobbe systematisk og målretta
  • Vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
  • Tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • Eit reflektert pedagogisk grunnsyn
  • Har høg arbeidskapasitet, gjennomføringsevne, taklar stress og er løysingsorientert
  • IKT-kompetanse

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Kontaktperson:

Ellen Havellen , mobil 415 63 871 ,
e-post: ellen.kristin.havellen@luster.kommune.no

Hjemmeside

Søknadsfrist: 15. juni 2023

Søk på stillingen her

Arbeidsgjevar: Luster kommune - Skjolden oppvekstsenter

Skjolden oppvekstenter har skule 1-7 klasse.
Barnehagen er godkjent for 24 plassar i alderen 0-5 år.
Sfo-tilbodet er i barnehagen.

Powered by Labrador CMS