Ledig stilling:

Ledig midlertidig lærarstilling / spesialpedagog

Søknadsfrist: 31.01.2021

Ledig midlertidig lærarstilling / spesialpedagog

Stillingsprosent 60-100% - tilsettings dato etter avtale og ut skuleåret 2021-22, med moglegheit for forlenging og fast tilsetting.

Mannlege søkarar og søkarar med montessoriutdanning, eller motivasjon for å starte på utdanning, vil verte prioritert.

Midsund Montessoriskule er ein skule for elevar frå 1.-7. klassetrinn, som starta opp i 2009. Vi er godkjent for 60 elevar. Elevtalet har dei siste åra ligge mellom 30 og 40 elevar. Skulen har ei god dekking av engasjerte lærarar og assistentar med montessorikompetanse, men vi ønsker likevel å utvide staben med ein positiv og engasjert lærar / spesialpedagog til, som er motivert for å jobbe i eit montessorimiljø, og vil vere med på vidareutvikling av den flotte skulen som vi er i ferd med å bygge opp!

Fakta om stillingen

Søknadsfrist: 31.01.2021

Arbeidsgiver:

Midsund Montessoriskule

Sted: Midsund

Stillingstittel: Lærar / Spesialpedagog

Ansettelsesform: Midlertidlig

Ønska kvalifikasjonar:
• Grunnskulelærar/ faglærar (ulike fag av interesse)
• Spesialpedagogisk kompetanse

Personlege eigenskapar:
• Vere open for å ha foreldrekontakt og kanskje rolle som kontaktlærar.
• Engasjert i elevane sin faglege og sosiale kvardag, og i å skape gode relasjonar med alle elevane.
• Evner å jobbe tverrfagleg og temabasert, med læreplanmåla i montessorilæreplana som styrande for aktivitetane.
• Fleksibel og samarbeidsvillig, og tilhengar av delingskultur, med montessoriprinsippa i fokus for arbeid med utvikling av skulen.
• Vere glad i naturen, og å skape gode haldningar til han. Bruke han aktivt i læringa. Ha fokus på FN`s berekraftmål
. • Naturleg nysgjerrig på kunnskap og ny læring på alle klassetrinn. Forske saman med elevane, og vise dei vegen til sjølvstende.
• Praktisk , konkret, visuell og erfaringsbasert læring i fokus.

For å få fast stilling må du ha tilleggsutdanning i montessoripedagogikk. Lønn etter avtale og i samsvar med tariff. Ved tilsetting må ein vise gyldig politiattest.

Midsund er eit lite øysamfunn som i januar 2020 blei ein del av Molde kommune. Her bur ca. 2000 inn-byggarar. Er du glad i fjell og sjø, så er dette plassen for deg. Her er du omgitt av vakker natur, og gode moglegheiter for friluftsliv og ulike idrettar! Vi har også ein aktiv kulturskule. Du kan sjå meir om skulen og kommunen på facebook og vår nettside. Du kan sjå https://portalmidsund.no/ for meir info om vårt vakre øysamfunn på Romsdalskysten.

Søknadsfrist: 31.01.2021. Før opp minst 2 referansar!
Søknaden sendast til: post@midsundmontessori.no

For meir info: Ta kontakt!
Midsund Montessoriskule: 712 79 965
Rektor: Lillian Blø Rakvåg: 911 90 197
Mail: post@midsundmontessori.no

Hjemmeside

Powered by Labrador CMS