Ledig stilling:

Undervisningsstillingar i Voss herad frå 1.8.2020

Søknadsfrist: 06. februar 2020

Undervisningsstillingar i Voss herad frå 1.8.2020

Undervisningsstillingar i Voss herad frå 1.8.2020

Voss herad søkjer engasjerte lærarar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarta for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare. Me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i Vossaskulen. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla Vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.

Me søkjer

Fakta om stillingen

Søknadsfrist: 06.02.2020

Arbeidsgiver: Voss kommune

Sted: Voss herad

Stillingstittel: Adjunkt

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast og vikariat

I Voss herad er det ledig både faste stillingar og vikariat i undervisningsstillingar frå 1.8.2020.

Tilsetjingsprosess

Du som vurderer, eller har søkt lærarstilling i Vossaskulen, er velkommen til: Informasjonsmøte på Voss Tinghus tysdag 4. februar kl 17.00- 19.00. Her vil du få møta alle skuleleiarane i Vossaskulen og få meir informasjon om den einskilde skule. Dette er ei felles lysing for alle skulane i heradet. Dersom du ynskjer å arbeida på ein spesiell skule, må du skriva det i søknaden.

Om arbeidsgjevar

Frå 1.1.2020 vart Voss kommune, Granvin herad og Oksenhalvøya til Voss herad. Det nye heradet har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad har om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å bli verdas beste herad.

Det er 11 skular i heradet. Vossaskulen er oppteken av å skapa kvalitet i alle ledd. Me har eit særleg fokus på å skapa gode rammer for læring og vekst, - for alle partar i skulesamfunnet. Me har eit pågande prosjekt innan digitalisering. Det vert arbeida målretta, grundig og langsiktig innanfor kunnskapsbaserte innsatsområder, der det vert lagt vekt på å utvikla den kollektive læringskulturen og me har høge ambisjonar for skulane våre.

Om tenestestadane

Gå inn her for å finne nærmare opplysningar om våre 8 barneskular, 2 kombinerte barne -og ungdomsskular og 1 ungdomsskule.

Arbeidsoppgåver

* Leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
* Sørge for eit trygt og inkluderande læringsmiljø
* Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap
* Samarbeid med føresette og andre faginstansar

Utdanning og kvalifikasjonar

* Du som skal tilsetjast i undervisningsstilling må ha godkjent og relevant fagleg og
pedagogisk kompetanse
* Ynskje om kompetanse og erfaring med bruk av digitale læringsverktøy i
undervisninga

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillingaHugs å gje opp referansar

Personlege eigenskapar

* Du har et stort engasjement for elevane si læring
* Du er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til skapa motivasjon og vekst hjå den enkelte
* Du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
* Du er nysgjerrig på å læra og likar å være i utvikling
* Du ser verdien av å arbeide saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring

Me tilbyr

* Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
* Gode kollegaer og eit positivt miljø
* Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
* Rettleiing for nytilsette/nyutdanna
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar
* Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
* Kontaktlærartillegg frå kr 25 800 til kr 30 800

Søknad

Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Du er hjarteleg velkomen til informasjonsmøte tysdag 4.2.2020 kl.17.00 - 19.00 på Voss Tinghus.

Kontakt

Kristin H.Takvam Rekvet, leiar for grunnskulane,
e-post: kristin.t.rekve@voss.kommune.no
mobil 99207198


Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her

Søknadsfrist: 06. februar 2020

Powered by Labrador CMS