Ledig stilling:

Undervisningsstilling, 100% vikariat Måndalen skule

Søknadsfrist: 10.08.2022

Undervisningsstilling, 100% vikariat Måndalen skule

Stilling
Måndalen skule har ledig eit vikariat som lærar i 100% stilling. Stillinga er ledig frå og med 1. august 2022 og til 31. juli 2023

Arbeidsplassen
Måndalen skule er ein heilt ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Måndalen skule er plassert i naturskjønne omgjevnadar der fjord og fjell legg til rette for flotte mogelegheiter i både skulekvardagen og på fritida. Skulen har 87 elevar fordelt på 1. 10. trinn, og eit samla personale på 18 tilsette.

Fakta om stillngen:

Tiltreding: 15..08.2022
Søknadsfrist: 10.08.2022

Arbeidsgivar: Rauma kommune

Stad: Møre og Romsdal, Rauma kommune, Måndalen
Arbeidsstad: Måndalen skule, Voll 6386 Måndalen
Stillingstittel: Lærarvikariat

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Vikariat

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning hovudsakleg på 5.-10. trinn (avhengig av kompetanse/erfaring).
  • Kontaktlæraransvar kan bli aktuelt.

Kvalifikasjonar:

  • Grunnskulelærar 5-10.
  • Ulike fag er relevant.
  • God digital kompetanse, samt god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Relevant erfaring er ønskjeleg.

Søkjarar med anna pedagogisk utdanning kan bli vurderte for stillinga.

Personlege eigenskapar:

  • Du har evne til å planleggje, arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Du evner å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer.
  • Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder.
  • Du har stor arbeidskapasitet, evne til å fokusere, og arbeider for eit godt læringsmiljø med fagleg utbytte for alle.
  • Du har erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og tek i bruk skulens digitale moglegheiter og løysingar for å fremje elevane si læring.
  • Du tenkjer positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar.
  • Du bidreg og stimulerer til utvikling av organisasjonen i sin heilskap.
  • Du er tydeleg og omgjengeleg i din kommunikasjon, både internt på skolen og eksternt ovanfor våre samarbeidspartnarar.

Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.

Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15.

Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: https://www.rauma.kommune.no/om-kommunen/ledige-stillinger/sokerveiledning/ eller personal@rauma.kommune.no. Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

Kontaktpersonar:
Helge Gyldenskog, tlf. 90596277
Rektor Ingrid Sylvia Renberg, tlf. 95161165 / mob. 95161165

Heimeside: www.rauma.kommune.no

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.

Søknadsfrist: 10. august 2022

Arbeidsgiver: Rauma kommune

Velkommen til verdas beste kommune for naturglade menneske! Hos oss kan du både ha ein givande jobb og ei aktiv fritid. Du har kort veg til naturopplevingar uansett kvar du oppheld deg i kommunen. Kommunesenteret Åndalsnes ligg innan 1-2 timars køyretur til Molde og Ålesund lufthamn, og Raumabanen gjer at du kan reise miljøvenleg med tog til Rauma. Kommunen har eit bredt og framoverlent næringsliv og satsar aktivt på turisme og gode opplevingar for alle. Kjende turistmål som Trollstigen, Romsdalseggen, Rampestreken og Romsdalsgondolen finn du her, og vi har eit spanande og variert kulturliv med Rauma kulturhus som motor. Norsk fjellfestival, Trollveggen Triathlon og Rauma Rock er tre av folkefestane som skaper liv og røre. Velkommen til naturgledekommunen Rauma!

Powered by Labrador CMS