Ledig stilling:

Spesialpedagog til NAV Arbeidsrådgivning Vestland

Søknadsfrist: 30. april 2019

NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver

Vi ynskjer ein arbeidsplass prega av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hjå oss. NAV er IA-verksemd og vi tilrettelegg arbeidsforholda om du har behov for dette.

Spesialpedagog til NAV Arbeidsrådgivning Vestland - NAV

Fakta om stillingen:

Søknadsfrist: 30.04.2019
Arbeidsgiver: NAV
Sted: Førde

Stillingstittel: Spesialpedagog

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast

Vi har ledig ei fast stilling som spesialpedagog ved NAV Arbeidsrådgivning Vestland med arbeidsstad Førde. Stillingen vil ha hovedkontor i Førde og få ansvar for tenestene som skal leverast til Nordfjord, Sunnfjord, Sogn og Nordhordland.

NAV Arbeidsrådgivning Vestland er eit fylkesdekkjande ressurs- og kompetansesenter (spesialeining) som har utfyllande arbeidsretta kompetanse innan arbeidspsykologi, pedagogikk og jobbmeistrande kartleggings- og rettleiingsmetodikk. Totalt består kontoret av 11 tilsette og leverer tenester til NAV-kontora i fylket frå kontora våre ligg i Bergen og Førde.

Tenester som vert levert av NAV Arbeidsrådgivning skal vera eit komplementært tilbod til øvrige tenester i NAV. Vi legg stor vekt på å ha eit nært og godt samarbeid med andre einingar i etaten, særleg viktig er kontakten med veiledarane ved NAV-kontora. Vi har òg utstrakt brukarkontakt.

Vi søker etter kandidatar som Identifiserer deg med verdigrunnlaget til NAV, og som syner forståing for arbeids- og velferdspolitikken i eit samfunnsperspektiv.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, kartlegging og utvida rettleiing av brukarar med fokus på arbeid
  • Tematisk og fagleg undervising og rettleiing av tilsette ved NAV-kontora
  • Karriererettleiing til brukarar med samansette utfordringar som er usikre på karriereval

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som spesialpedagog/master i spesialpedagogikk
  • Erfaring frå arbeid med vaksne innan opplæring (skole, PPT, Statped)•Kompetanse innan utgreiing

Utdanningsretning

  • Pedagogikk

Personlege Eigenskapar

Du har:

  • eit resultat- og løysingsorientert fokus
  • god evne til å gjennomføre
  • god evne til å arbeide målretta, nøyaktig og får oppgåvene unna
  • god evne til å arbeide sjølvstendig så vel som i lag med andre•gode servicehaldningar og kommunikasjonsevne

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Fagleg utvikling og oppfølging innan relevante fagområder for stillinga
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Stillingskode 1364 Seniorrådgjevar med lønnsspenn kr. 534.100 - kr. 646.700,- per år For særlig kvalifiserte søkjarar, kan høgare løn vurderast
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Andre opplysningar

  • Noe reisevirksomhet må påregnes

Kontaktinformasjon

Emilie Ingjerd Øy Pons, Leiar NAV Arbeidsrådgivning Vestland,
mobil 455 17 120, e-post: [email protected]

Geir Tveit, Fagleiar/ spesialpedagog,
mobil 922 27 955, e-post: [email protected]

Arbeidsstad: Langebruvegen 19, 6800 Førde

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her

Søknadsfrist: 30. april 2019