Ledig stilling:

Tenesteleiar Barnehage - Bykle kommune

Søknadsfrist: 26. mai 2019

Tenesteleiar Barnehage

«Herleg start på livslang læring»

Er du den nye leiaren vår som vil til topps og som vil vere med å oppfylle visjonen vår?

Bykle kommune har to barnehagar, ein i Bykle med to avdelingar og ein på Hovden med tre avdelingar. Tenesteleiar er leiar for begge barnehagane. Barnehagane har fokus på at alle barn skal få ein god barndom prega av trivsel, vennskap og leik. Stillinga går inn i rådmannen si leiargruppe. Vi ønskjer ein handlingsorientert leiar som er dyktig til å motivere og gjere andre gode og som også har det barnehagefaglege i fokus. Ei spennande og utfordrande leiarstilling.

Fakta om stillingen

Søknadsfrist: 26.05.2019

Arbeidsgiver: Bykle kommune

Sted: Bykle

Stillingstittel: Tenesteleiar

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast

Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Søkjarar ønskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. Grunngjevinga blir vurdert i forhold til reglene i Offentlegloven. Dersom det etter kommunen sine vurderingar ikkje føreligg en særskild grunn til unntak, vil søkjarlista bli offentleggjort. Søkjar vil i et slikt tilfelle bli kontakta på førehand.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna fagleg og administrativt ansvar for eininga si drift og vidare utvikling
  • Planlegging, oppfølging og tilrettelegging
  • Sakshandsaming og oppfølging av planar innan arbeidsområdet
  • Personal- og økonomiansvar

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig utdanning som barnehagelærar eller anna relevant pedagogisk utdanning
  • Ønskjeleg med leiarutdanning
  • Erfaring som leiar og erfaring frå kommune, er ein fordel
  • Relevant yrkeserfaring
  • Den som blir tilsett må disponere eigen bil i teneste.

Personlege eigenskapar

  • God evne til samarbeid og kommunikasjon
  • God norsk skriftleg- og munnleg framstillingsevne er ein forutsetning

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Kommunen dekkjer eventuelt utgifter til nasjonal styrarutdanning
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad

Kontaktinformasjon

Janne Krohn Grimsmo, senior rådgiver, mobil 918 94 302, e-post: jkg@activepeople.no


Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.

Søknadsfrist: 26.05.2019

Arbeidsgiver

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og badeland. Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar. Vi har ca. 170 tilsette.

Powered by Labrador CMS