Ledig stilling:

Rektor - Hystad skule

Søknadsfrist: 11. februar 2020

ID 1576 Rektor - Hystad skule - Stord kommune

Stordskulen

Skulane i Stord har fokus på kvalitetsutvikling, inkludering og tverrfagleg samarbeid. Endrings- og utviklingsarbeid er eit felles ansvar, der me ønskjer å gjera kvarandre gode og spela på lag med kvarandre. Hystad skule, med sine om lag 270 elevar og 39 tilsette, er ein av 10 grunnskular i kommunen. Skulen er teamorganisert, legg stor vekt på varierte arbeidsmåtar og praktisk-estetiske fag. Hystad skule er ein lærande organisasjon med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø og god delingskultur. Dei ulike trinna organiserer tidvis elevane på tvers av klassane. Skulen har dei siste åra arbeidd med VFL, lesing og rekning. Inneverande år er det stort fokus på utviklingsarbeid knytt til fagfornyinga, elevane sitt læringsutbytte og grunnleggjande dugleikar.

Hystad skule har ledig 100 % fast stilling som rektor.
Stillinga er ledig f.o.m. 01.08.202

Fakta om stillinga

Søknadsfrist: 11.02.2020

Arbeidsgjevar: Stord kommune

Sted: Stord

Stillingstittel: Rektor

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast

Me søkjer ein leiar som

  • Vil utvikla og leia det pedagogiske arbeidet på skulen i samarbeid med elevar, foreldre/føresette, lærarar og andre tilsette
  • Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set
  • Har god kompetanse på gjeldande lover og forskrifter for grunnskulen og kommunen sine plikter i medhald av desse
  • Har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
  • Er truverdig, engasjert og samlande og gjer relevante val
  • Er positiv, initiativrik og strukturert
  • Veit korleis ein skal byggja god organisasjonskultur
  • Har evne til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Involverer seg i skulekvardagen på eigen skule og i Stord kommune

Søkjarane må ha pedagogisk utdanning og praksis, samt kompetanse innan administrasjon/ leiing. Kommunen legg til grunn dei sentralt vedtekne krav om kompetanse. I tillegg til formell kompetanse og erfaring vil ein og leggja vekt på personelg eignaheit til stillinga. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. Jf. Opplæringslova § 10-9

Stord er ein to-nivå–kommune, og rektor har vide fullmakter innan vedtekne rammer. I tillegg til det faglege og pedagogiske ansvaret, har rektor og ansvar for personal, drift og økonomi. Rektor rapporterer til kommunalsjefane, og har leiaravtale med denne der rettar, plikter og mål vert omtala.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til
kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt, tlf.: 53 49 66 89 / 41 41 65 03 eller
rektor Liv Skjønberg, tlf.: 53 40 96 32 / 97 55 21 80

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her

Søknadsfrist: 11.02.2020

Powered by Labrador CMS