Ledig stilling:

Rektor på Lidar skule

Søknadsfrist: 10.02.2022

Rektor på Lidar skule

Øystre Slidre kommune

Lidar skule er ein barneskule med om lag 100 elevar.
Skulen ligg nord i Øystre Slidre, med Beitostølen som ein del av skulekrinsen.
På skulen er det om lag 25 tilsette med brei kompetanse.
Dei tilsette jobbar godt i lag for å løyse skulen sitt oppdrag. Blant dei 25 har vi lærarar med ulik fagkrins, miljørettleierar og barne- og ungdomsarbeidarar.
Elevane sine behov, både som gruppe og enkeltvis, står i sentrum i arbeidet og satsingsområda til skulen. Det er ein kultur prega av fellesskap og eit ynskje om å gjere kvarandre gode.
Det er to teamleierar ved skulen, som er gode støttespelarar i dagleg drift og utviklingsarbeid. Skulen har eit godt samarbeid med Høgskulen Innlandet for støtte og kompetanseheving i kollegiet.
Lidar skule var ny i 2011. Skulebygget, samt eit stort og variert uteområde, innbyr til aktivitet og varierte undervisningsmetodar. Dette gjev gode rammer for skulekvardagen til elevane våre året rundt. Vi har uteskule for alle trinn.

Fakta om stillinga:

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist: 10.02.2022

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Stad: Skammestein

Stillingstittel: Rektor

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tilsetjingsform: Fast

Arbeidsoppgåver
Som rektor har du eit totalansvar for drifta av skulen, med skulen sitt samfunnsoppdrag som ei tydeleg rettesnor. Skulen har god tradisjon for utviklingsarbeid, og i samarbeid med Høgskulen i Innlandet og dei andre skulane i Valdres blir det no arbeidd med fagfornyinga og inkludering. Som rektor leiar du utviklingsarbeidet på skulen. Grunnskulane i Øystre Slidre kommune er organiserte som sjølvstendige einingar med økonomi- og personalansvar.
Stabsavdelinga og økonomiavdelinga bistår rektorane på områda løn, personalsaker, økonomi og skuleskyss.
Som rektor samarbeider du med dei to andre rektorane i kommunen for å saman sørge for ei god skule for alle barn og unge i Øystre Slidre. Du er også med i det regionale samarbeidet mellom skulane i Valdres.
Rektor ved Lidar skule har også ansvar for skuleavdelinga ved Beitostølen Helsesportsenter. Der er det bemanning med 200 % lærarstilling og 80 % assistentstilling.

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om godkjent lærarutdanning.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagd
  • Ved tilsetting må du levere politiattest etter opplæringslova § 10-9

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer ein engasjert leiar, som vil arbeide for å bringe skulen vidare i godt samarbeid med kollegiet. Vi ynskjer derfor ein rektor som:

  • Har ein leiarstil prega av openheit, involvering og gjennomføringsevne
  • Har overblikk, opprettheld fellesskapet og ein felles kurs for skulen
  • Er tett på i skulekvardagen og er engasjert i skulen som ein del av nærmiljøet
  • Har god pedagogisk teft, er kunnskapsrik samstundes som du har evne til å lytte og sjå styrkane i ditt eige personale
  • Er audmjuk overfor elevar, føresette og tilsette
  • Er profesjonell, robust og trygg
  • Er engasjert og løysingsorientert
  • Har god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg (gjerne både bokmål og nynorsk)
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har elevens beste i fokus

Vi tilbyr

  • Spennande jobb i eit fagmiljø med høg kompetanse
  • Leiarnettverk
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen har reglement for flyttegodtgjersle
  • Tilbod om rektorutdanning
  • Eit godt arbeidsmiljø med framoverlente kolleger

Kontaktinformasjon
Kjersti Hedalen, kommunalsjef, mobil 917 23 553

Lidar skule heimeside

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.

Søknadsfrist: 10. februar 2022

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med: ein natur som inviterer til topp-tur i Jotunheimen? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?

Dette finn du særleg rett utforbi døra på Beitostølen, men også i resten av kommunen.

Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange spanande arbeidsplassar. Kommunen har full barnehagedekning, god skule og eit aktivt og variert kulturliv. Nytt helsetun vart teke i bruk i 2021. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Powered by Labrador CMS