Ledig stilling:

Rektor Voss folkehøgskule

Søknadsfrist: 20.01.2022

Ledig stilling som rektor på Voss folkehøgskule.

Voss folkehøgskule er ein frilynt skule eigd av Stiftinga Voss folkehøgskule. Skulen har ei 125 år lang historie der tradisjon og nyskaping går side om side. Skuletunet er bygd på ein vakker gamal gard som ligg idyllisk til ved Vangsvatnet, like utanfor sentrum av kultur, ski-og ekstremsportbygda Voss. Skulen er i god vekst, med høge søkjartal og trygg økonomi.

Utfyllande informasjon om skulen finn du på våre heimesider.

Fakta om stillingen:

Fakta om stillingen:

Søknadsfrist: 20.01.2022

Arbeidsgiver: Voss Folkehøgskule

Sted: Voss

Stillingstittel: Rektor

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast

Vil du bli den nye leiaren vår?

Me ynskjer deg som har ei genuin interesse og visjonar for dette særeigne skuleslaget, og som vil vera ei drivkraft i utviklinga av skulen vår. Me ynskjer ein inkluderande og tydeleg leiar som kan skapa samhald og trivsel mellom elevar, og mellom elevar og tilsette. Du må vera oppteken av å byggja gode og trygge læringsmiljø, som kan fremja danningsideala i folkehøgskulen.

Skuleåret på folkehøgskulen er intensivt. Det er undervisning seks dagar i veka. Aktivitetar, turar og arrangement i helger og på kveldstid skaper mange møteplassar, og rom for gode opplevingar, i eit tett og forpliktande fellesskap.

Rektor har det øvste administrative og pedagogiske ansvaret. Rektor samarbeider tett med assisterande rektor, og avdelingsleiarar for internat, kjøkken og kontor.

Du som vil ha denne jobben, må ha utdanning på høgskulenivå og pedagogisk kompetanse. Undervisningserfaring og leiarerfaring, gjerne frå folkehøgskule, vil vera ein fordel.

Me kan tilby ein unik og variert jobb i lag med dyktige medarbeidarar.Løn etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.

For nærare informasjon om jobben, kontakt styreleiar Mai-Evy Bakken, tlf. 95839487 eller nestleiar Morten Hem, tlf. 91184610.

Søknadsfrist 20.01.22, med oppstart etter avtale. Krav om politiattest.

Søknad
Søknad med CV sendast Stiftinga Voss folkehøgskule post@voss.fhs.no

Me ser fram til å høyra frå deg.

Powered by Labrador CMS