Er du den rette for å utvikle eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod for barn og vaksne med særlege opplæringsbehov?
På vegne av Voss herad søkjer vi etter ein engasjert og resultatorientert Leiar for PPT Voss
Som leiar av PPT skal du sikre at skular og barnehagar får riktig sakkunnig og systemretta hjelp slik at desse kan hjelpe born, ungdom og vaksne med særskilte opplæringsbehov. Eininga sine hovudoppgåver er individ- og system retta arbeid med barn før opplæringspliktig alder, elevar i grunnskulen, og vaksne med behov for spesialpedagogisk hjelp/ spesialundervisning. PPT bistår også i utfordringar som gjeld psykososialt miljø, samt organisasjon- og kompetanseutvikling.
Saman med dyktige medarbeidarar og gjennom tverrfagleg samarbeid ønskjer vi å sjå at du aktivt bidreg til å utvikle PP-tenestene til eit godt, felles tilbod for dei tre kommunane Eidfjord, Ulvik og Voss. Du vil, både innan ditt ansvarsområde og saman med andre leiarar i Voss, utfordrast til å sikre, vidareutvikle og tenke nytt om korleis vi saman skal arbeide for å nå våre målsetjingar.
Leiar av PPT rapporterer til Leiar for Barne- og familietenestene iVoss herad og tek del i leiargruppa hans. PPT Voss har eit breitt fagmiljø med 9 stillingar for PPT- rådgjevarar. Rådgjeving, førebygging og tidleg innsats står sentralt i tenesteoppgåvene, i tillegg til ivaretaking av rolla som sakkunnig instans. Følgjande tenester utgjer PPT Voss: PP-teneste, logopediteneste, meistringsteam, og merkantile støttefunksjonar.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver: Du vil få overordna ansvar for PPT-kontoret, med strategi-, økonomi- og personalansvar. Vi ser det som viktig at du evnar å skape ein raud tråd mellom nasjonale føringar, kommunale satsingsområde og eige arbeid i eininga. Du vil ha ansvar for å sikre kvalitet i tilbod og leveransar i høve til nasjonale føringar. Du skal bidra til at det vert utarbeidd og vidareutvikla system som sikrar kvalitet, i samarbeidet med barnehagar, skular og andre kommunale- og statlege hjelpetenester.Som PPT-leiar vil du ha fagleg og administrativt ansvar for kommunale logopedar, eit skuleteam, kalla «Meistringsteamet» og spesialpedagogisk team for barnehage. I tillegg vil du få personalansvar og fagleg ansvar for dei tilsette ved kontoret, der 18 rapporterer direkte til PPT-leiar.
Oppfølging av barnehagebarn og skuleelevar som er tilmeldt PPT
Oppfølging av barnehagar og skular
Kartlegging og sakkunnig arbeid etter barnehagelova og opplæringslova
Rettleiing/rådgjeving til elev, føresette, barnehage/skule
Systemretta arbeid inn mot barnehagar og skular
Deltaking i organisasjons- og kompetanseutvikling
Tverrfagleg samarbeid, til dømes deltaking i barnehageteam og skuleteam, og samarbeid med spesialisthelsetenesta
Ønska kompetanse og personlege eigenskapar: Vi ser etter deg som vektlegg ein kultur prega av medverking og meistring for alle tilsette. Vi ønskjer å sjå at du tek initiativ til og legg til rette for eit tverrfagleg samarbeid som sikrar at barn og unge får rask hjelp og tilrettelegging. Du er opptatt av meistringsorientert leiing, og du kan bidra til at det vert ytt gode tenester gjennom velfungerande team, engasjerte medarbeidarar og felles mål. Vi ville like godt å sjå deg som PPT sitt ansikt utad, med gode formidlings og samarbeidsevner, der du både har- og tar fagleg ansvar. Du blir motivert av utviklingsmoglegheiter, har god endringskapasitet og gjennomføringsevne.
Kompetanse
Relevant høgare utdanning på bachelornivå eller høgare er prioritert
Fordel med kjennskap til eller erfaring med allmennpedagogisk arbeid i skule eller barnehage
Ønskeleg med leiarerfaring frå offentleg sektor
Fordel med erfaring frå å leie endringsprosessar
Det er naudsynt at den som vert tilsett har sertifikat klasse B og har høve til å disponera eigen bil, i tillegg til PPT-kontoret sine bilar
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
Som PPT leiar vil du få
Ei innhaldsrik, variert og operativ leiarstilling
Løn etter avtale innanfor gjeldande rammer i kommunen
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilgang til PPT sine eigne bilar og el-sykkel
Bli ein del av eit godt fagleg og sosialt miljø
Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Arbeidsstad: Voss sentrum, der arbeid i dei andre kommunane også kan påreknast.
Dersom dette er interessant for deg, er du velkommen til å ta kontakt med ein av våre rådgivarar i Jefferson Wells: Anette Hansen eller Torill Eidsheim
Registrer søknad og CV seinast søndag 29. mai 2022. Alle henvendingar vert handsama konfidensielt.
Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentlegsøkjarliste. Hugs referansar.
Voss herad femner om tidlegare Voss kommune, Granvin herad og Oksenhalvøya. Det bur om lag 15.800 menneske her, og heradet strekkjer seg over 2100 kvadratkilometer, frå Hardangerfjorden til fjelltrakter som grensar mot Sognefjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden. Voss herad er i vekst, har hatt ei omfattande utvikling dei siste åra. Utviklinga ser ut til å halde fram i åra som kjem.
Vossevangen er sentrum i Voss herad, og regionsenter for nabokommunane. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har eit godt togsamband med berre 1t 15 min til Bergen. Her møter du levande bygdesamfunn, mangfald, tradisjonar og gode opplevingar. I Voss herad finn du alt frå kaféliv og matopplevingar, fruktdyrking og landbruk, folkemusikk og jazz, rolege fjell- og padleturar eller ekstremsport om du heller vil.
Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. https://voss.herad.no/politikk-og-administrasjon/jobb-hja-oss/kvifor-voss/