Ledig stilling:

Rektor Måndalen barne- og ungdomsskule

Søknadsfrist: 08.06.2020

Rauma kommune søkjer etter

Rektor Måndalen barne- og ungdomsskule

Rauma kommune søkjer etter rektor i 100 % fast stilling frå og med 1.8.20. Rektor vil vere administrativ leiar for Måndalen barne- og ungdomsskule. I administrasjonen inngår og ein avdelingsleiar. Måndalen skule (1-10) har inneverande år 105 elevar.

Opplæringsmål i grunnkretsen er nynorsk. Det vert elles vist til kommunen sine heimesider.

Fakta om stillingen

Søknadsfrist: 08.06.2020

Arbeidsgiver: Rauma kommune

Sted: Måndalen

Stillingstittel: Rektor
Heltid / Deltid: Heltid
Ansettelsesform: Fast


Rektor sitt arbeids- og ansvarsområde:
-Fag-, økonomi- og personalansvar for verksemda
- Deltakar og pådrivar i samhandlinga i ulike samarbeidsfora med elevar, foreldre og lokalsamfunn
- Inngår i leiarteamet til skolesjefen
- Rapporterer til skolesjefen

Vi søkjer ein leiar som:
- Har ambisjonar som skole- og oppvekstleiar
- Har ei strukturert arbeidsform med krav til kvalitet og resultat
- Er samarbeids- og serviceorientert med tydelig kommunikasjonsform
- Har evne til å myndiggjere, inspirere og motivere medarbeidarane
- Er løysingsorientert og kreativ
- Har relevant utdanning på høgskole- og eller universitetsnivå
- Har relevant leiarerfaring og praksis

Vi tilbyr:
-Nært samarbeid med leiarar for dei øvrige verksemder innanfor tjenesteområdet
- Kunnskapsrike og engasjerte medarbeidarar
- Lønn etter avtale og god pensjonsordning i SPK

Nærare opplysningar om stillinga kan bli gitt ved å henvende seg til skolesjef Aina Øyen Henden på tlf. 71166445/48891938 eller på e-post: [email protected]

Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.

Søknad sendast
Rauma kommune tek berre imot elektroniske søknader. Dette betyr at berre søknader sendt elektroniske vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer din CV med utdanning og kompetanse.

Du kan kontakte lønn-/personal for rettleiing om elektronisk søknad, tlf. 7116 6600 (måndag-torsdag 9-11.30), evt pr. mail [email protected].

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarliste, samt at ved tilsetting i stillingar innan barnehage/oppvekst er det krav om politiattest ikkje eldre enn tre månader. Politiattest krevjast berre av søkar som får tilbod om stilling, og den skal derfor ikkje sendast med.

Hjemmeside

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her

Søknadsfrsit: 08. juni 2020