Annonsekontakt i HS Media:
Karoline Gran Kluge
Telefon: 40 07 31 25
Malin Holen Bredesen
Telefon: 99 07 14 41
E-post: utdanning@hsmedia.no
Ledig stilling:
Stillingstype
Logoped - 100 % vikariat med oppstart 01.08.2021. Vikariatet er inntil 1 år.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er utøvande logoped til førskulebarn og grunnskuleelevar, omlag 50% på kvar målgruppe, totalt inntil 100% stilling. 40 % av stillinga vil vere knytt til førskulebarn og grunnskuleelevar i Rauma kommune. Arbeidsplassen vil vere hos PP-tenesta i Vestnes.
Stillinga vert lyst ut på kommunale vilkår.Stillinga ligg under ppt/ kommunalsjef for oppvekst.
Kvalifikasjonar
- godkjent logopedutdanning- kunnskap om utvikling i førskulealder
- kunnskap om systemarbeid/organisasjonsutvikling i PP-tenesta
- gode datakunnskapar
- gode norskkunnskapar, krav om minimum nivå B2 munnleg og skriftleg
- gode munnlege og skriftlege ferdigheiter samt å arbeide i team
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter person med gode samarbeidsevner, som er løysingsorientert, fleksibel, motivert og kan ta utfordringane som jobben inneber på ein god måte.
Vestnes kommune og Rauma kommune legg vekt på tverrfagleg samarbeid og det å kunne arbeide sjølvstendig med dei arbeidsoppgåvene ein blir tildelt. Tverrfagleg samarbeid er høgt prioritert og personell i PPT er organisert i tverrfaglege team som yter konsultasjon til barnehagar og skular.
PPT Vestnes og Rauma samarbeider tett med oppvekstsektoren i utviklingsarbeid der læring i organisasjonar med systematisk bruk av analyse og refleksjon blir brukt. Jobben føreset òg evne til å arbeide sjølvstendig.
Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet.
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons
- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Kontaktperson
Knut Øyvind Hoem, mobil 482 72 458
Tiltreding: 01.08.2021
Arbeidsstad: PP-tenesta, Ressurssenteret, Myra 23 6390 Vestnes
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Heimeside
Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.
Søknadsfrist: 30. juni 2021