Ledig stilling:

Teammedarbeidar Utviklingsteamet i PP-tenesta, 100% prosjektstilling i 2 år -Eining Barn og familie

Søknadsfrist: 24.10.2021

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.

Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.

Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar på Husnestunet på Husnes.

Teammedarbeidar Utviklingsteamet i PP-tenesta, 100% prosjektstilling i 2 år -Eining Barn og familie

Omtale av stillinga

Kvinnherad kommunen har ledig 100% prosjektstilling i 2 år som medarbeidar i Utviklingsteamet knytt til PP-tenesta frå snarast. Utviklingsteamet har 2 teammedarbeidarar.

Oppgåver knytt til utviklingsteamet:
- Arbeide med organisasjon, leiing, system og utvikling i skulane i kommunen.
- Bidra til å skape eit godt psykososialt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar i tråd med prinsippa om tidleg innsats, inkludering, og eit godt tilpassa pedagogisk tilbod.
- Bidra til tidleg innsats og inkludering ved å støtte skulane i å lage og sette i verk gode system for dette.
- Arbeide med både leiarnivå og heile organisasjonen for å sikra god praksis ved den einskilde skulen.
- Gje rettleiing til klassar som opplever læringsmiljøutfordringar.
- Samhandlingsproblematikk (systemnivå i individsaker).
- Hjelpa skulen til å leggja rammene best mogleg til rette for samarbeid mellom skule, heim og eventuelle andre hjelpeinstansar.
- Intensive tiltak sett inn av skuleeigar ved særleg urovekkande resultat på nasjonale prøvar og/ eller elevundersøkinga.


Utviklingsteam - struktur og rutinar
Utviklingsteamet si faste samansetjing er følgjande; Leiar for PP-tenesta, teammedarbeidarar frå PP-tenesta, rådgjevar for den aktuelle skulen frå PP-tenesta, skulefagleg rådgjevar.
Teamet arbeider no med skular, men kan og få oppgåver knytt til organisasjon og system i barnehagar.

Teammedarbeidar har ansvaret for den daglege drifta, og samarbeidet med skulane. Medarbeidarane deltek i samarbeidsfora med skulen 1 - 3 gongar per veke.
Leiar for PP-tenesta og teammedarbeidarar har jamnlege samarbeidsmøte.

Fakta om stillingen:

Fakta om stillingen:

Søknadsfrist: 24.10.2021

Arbeidsgiver: Kvinnherad kommune

Sted: Husnes

Stillingstittel: Spsialpedagog

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Engasjement

Kvalifikasjonar

Vi søker etter medarbeidar med kompetanse innan organisasjon og leiing, rådgjeving og spesialpedagogikk. Det er ønskjeleg med relevant vidareutdanning.
Erfaring frå leiing og organisasjonsarbeid, gjerne frå skule, er ein fordel.

Personlege eigenskaper

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på:
- Personlege eigenskapar og erfaring
- Har stor interesse for læringsmiljø og klasseleiing
- Har gode samarbeidsevne, gode kommunikasjonsevner og er ein relasjonsbyggjar.
- Finn motivasjon i å vere med på nybrottsarbeid
- Evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert i endringsprosessar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne og gode norskkunnskapar
- Erfaring frå arbeid med barn med behov for særskild tilpassing i skulen
- Kjennskap til og kompetanse på relevante verktøy for rettleiing.
- Fagleg oppdatert

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Søknadsfrist 24.10.2021 Utlyst dato 29.09.2021 Vårref 4120

Kontaktperson
Sturla Helland, einingsleiar, mobil, 970 24 320,
e-post: sturla.helland@kvinnherad.kommune.no

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.

Søknadsfrist: 24.10.2021

Powered by Labrador CMS