Ledig stilling:

Rådgjevar for barnehagebasert regional kompetanseutvikling

Søknadsfrist: 25.02.2021

Rådgjevar for barnehagebasert regional kompetanseutvikling, REKOMP

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, er det ledig ei 100 % fast rådgjevarstilling knytt til regional barnehagebasert kompetanseutvikling, REKOMP. Stillinga er ledig frå 1.8.2021. Den som vert tilsett vil samarbeide nært med både avdelingsadministrasjonen, fagleg tilsette og fellesadministrasjonen ved høgskulen.

Kan du tenke deg å vere med på å jobbe med utvikling av ny kunnskap og bidra med kompetanseutvikling innan barnehagefeltet og i barnehagelærarutdanninga so er dette jobben for deg. Stillinga vil by på varierte arbeidsoppgåver knytt til deltaking og koordinering av kompetanseutvikling ute i barnehagane og formidling av erfaringar og kunnskap inn mot barnehagelærarutdanninga. Ein skal dekke heile Møre og Romsdal fylke og stillinga inneheld noko reising. Det er difor ein fordel om du er mobil og fleksibel.

Regional ordning skal bidra til at barnehagar utviklar sin pedagogiske praksis gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling. Den er eit av fleire verkemiddel som skal sikre at alle barn får eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet.

Den regionale ordninga for kompetanseutvikling skal stimulere til godt samarbeid mellom barnehagemyndigheitene, barnehageeigarar, universitet og høgskular, statsforvaltarane og andre aktørar. Ordninga bør sjåast i samanheng med andre satsingar og kompetansetiltak. REKOMP bidrar til å støtte implementering av rammeplanen.

Fakta om stillinga:

Søknadsfrist: 25.02.2021

Arbeidsgivar: Høgskulen i Volda

Stad: Volda

Stillingstittel: Rådgjevar

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Fast

Kvalifikasjonar

Vi søker deg med relasjonell kompetanse, god evne til kommunikasjon og samarbeid, formidling og tverrfagleg nytenking.

Søkjar må ha:

Mastergrad innanfor relevant fagfelt. Omfattande og relevant praksis kan i særskilte tilfelle kompensere for kravet om formell utdanning.

Erfaring med prosjektarbeid og barnehageutvikling

God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

I tillegg vektlegg vi:

Erfaring med tilsvarande arbeid ved høgskule/universitet

God digital kompetanse

Arbeidsoppgåver

Dine ansvars- og arbeidsområde vil i hovudsak vere:

• Analysere og drøfte kompetansebehov i samarbeid med barnehageeigarar, barnehagestyrarar og kompetanseutviklingsgruppa ved HVO

• Planlegge kompetansehevingstiltak i samarbeid med praksisfeltet, studieleiar, faglærarar og eksterne aktørar

• Evaluere og vidareutvikle REKOMP-modellen

For at vi til ei kvar tid skal vere i stand til å løyse oppgåvene i avdelinga på ein best mogeleg måte, kan ansvars- og arbeidsoppgåvene i stillinga bli endra/justerte i samsvar med nye eller endra behov.

Vi tilbyr

Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda: Rådgjevar 1434 frå kr 479 600 – 605 500

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonsnedsettelse, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Om søknaden

Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar
- CV

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til høgskulen ved kontorsjef Tor Ose på tlf. 70 07 54 28 eller prodekan for utdanning Silje Ims Lied på tlf. 70 07 52 94.


Om avdelinga

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med årleg om lag 2000 studentar og 140 tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet innan etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme i høve å gje slike tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet innan forsking og utviklingsarbeid. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er ein del av avdelinga.

Kva er det beste med Volda?

Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda.
Produksjon: Chris-Håvard Berge
https://youtu.be/61Me2JOrMgQ

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.

Søknadsfrist: 25.02.2021

Arbeidsgivar: Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.